Læringssyn i skaparrørslelitteraturen
Peer reviewed, Journal article
Published version
View/ Open
Date
2023Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for estetiske fag [106]
- Publikasjoner fra CRIStin [3895]
Original version
Høibo, I. H. (2023). Læringssyn i skaparrørslelitteraturen. Techne serien - Forskning i slöjdpedagogik och slöjdvetenskap, 30(2), 1–17. https://doi.org/10.7577/TechneA.4946Abstract
Skaparrørsla (på engelsk Maker movement) veks raskt verda over og løftar fabrikasjon- og kommunikasjonsteknologi som nye verktøy inn i kreative prosessar, saman med det skapande menneskje som nøkkelspelar i den digitale utviklinga av samfunnet. Skaparrørsla insisterer på at å skape er ein grunnleggande menneskeleg aktivitet og i ein skaparverkstad (på engelsk Makerspace) er læringa som skjer i- og mellom menneskjer, og i møte med material og verktøy, den viktigaste verdiskapinga. Rørsla let seg vanskeleg knytte til ein enkelt kultur, trend eller hending. Snarare er det eit samanfall av fleire samtidige, som haker-, restarter- og gjer-det-sjølv-rørslene (DIY), samt ideear og tankesett frå entreprenørskap- og STE(A)M-pedagogikken m.fl. Skaparverkstader er no etablert både i- og utanfor formelle læringsmiljø i Noreg, i folkebibliotek, museum, vitskapssenter, skular og universitet. Rørsla er slik også iferd med å påverke det pedagogiske arbeidet i skulen, særleg i øving av digitale kompetansar og arbeid med teknologi. Samtidig er det vanskeleg å identifisere ei stringent retning på kva læringssyn dette styrer etter. Målet med studia er å undersøke korleis forskarar har skildra og analysert tankesettet knytt til læring i skaparrørslelitteraturen frå tidlegare studiar, internasjonalt og nasjonalt, med eit særleg søkelys på kunst- og handverksfaget. Gjennom litteraturgjennomgangar kjem det fram at den skaparsentrerte undervisninga og læringa både har fått form og fotfeste som er tilpassa og integrert i dei skulekulturane der både rørsla og forskinga har fått halde på ei stund, som i USA. I norsk samanheng er både skaparrørsla og skaparrørsleforsking kome kortare. Førebels er det fyrst og fremst STEM-fag og uformelle læringssituasjonar som har tatt eigarskap og gitt form til den skaparsentrerte pedagogikken. I kunst- og handverksfag-samanheng dreier forskinga seg i stor grad om prosjekt utført i- og av høgare utdanning. Læringssyn i skaparrørslelitteraturen