dc.contributor.author | Høibo, Ingrid Holmboe | |
dc.date.accessioned | 2024-03-14T09:47:04Z | |
dc.date.available | 2024-03-14T09:47:04Z | |
dc.date.created | 2023-12-15T11:47:32Z | |
dc.date.issued | 2023 | |
dc.identifier.citation | Høibo, I. H. (2023). Læringssyn i skaparrørslelitteraturen. Techne serien - Forskning i slöjdpedagogik och slöjdvetenskap, 30(2), 1–17. | en_US |
dc.identifier.issn | 1238-9501 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/3122342 | |
dc.description.abstract | Skaparrørsla (på engelsk Maker movement) veks raskt verda over og løftar fabrikasjon- og kommunikasjonsteknologi som nye verktøy inn i kreative prosessar, saman med det skapande menneskje som nøkkelspelar i den digitale utviklinga av samfunnet. Skaparrørsla insisterer på at å skape er ein grunnleggande menneskeleg aktivitet og i ein skaparverkstad (på engelsk Makerspace) er læringa som skjer i- og mellom menneskjer, og i møte med material og verktøy, den viktigaste verdiskapinga. Rørsla let seg vanskeleg knytte til ein enkelt kultur, trend eller hending. Snarare er det eit samanfall av fleire samtidige, som haker-, restarter- og gjer-det-sjølv-rørslene (DIY), samt ideear og tankesett frå entreprenørskap- og STE(A)M-pedagogikken m.fl. Skaparverkstader er no etablert både i- og utanfor formelle læringsmiljø i Noreg, i folkebibliotek, museum, vitskapssenter, skular og universitet. Rørsla er slik også iferd med å påverke det pedagogiske arbeidet i skulen, særleg i øving av digitale kompetansar og arbeid med teknologi. Samtidig er det vanskeleg å identifisere ei stringent retning på kva læringssyn dette styrer etter. Målet med studia er å undersøke korleis forskarar har skildra og analysert tankesettet knytt til læring i skaparrørslelitteraturen frå tidlegare studiar, internasjonalt og nasjonalt, med eit særleg søkelys på kunst- og handverksfaget. Gjennom litteraturgjennomgangar kjem det fram at den skaparsentrerte undervisninga og læringa både har fått form og fotfeste som er tilpassa og integrert i dei skulekulturane der både rørsla og forskinga har fått halde på ei stund, som i USA. I norsk samanheng er både skaparrørsla og skaparrørsleforsking kome kortare. Førebels er det fyrst og fremst STEM-fag og uformelle læringssituasjonar som har tatt eigarskap og gitt form til den skaparsentrerte pedagogikken. I kunst- og handverksfag-samanheng dreier forskinga seg i stor grad om prosjekt utført i- og av høgare utdanning. | en_US |
dc.description.abstract | Læringssyn i skaparrørslelitteraturen | en_US |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.relation.uri | https://journals.oslomet.no/index.php/techneA/article/view/4946 | |
dc.rights | Navngivelse 4.0 Internasjonal | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no | * |
dc.title | Læringssyn i skaparrørslelitteraturen | en_US |
dc.type | Peer reviewed | en_US |
dc.type | Journal article | en_US |
dc.description.version | publishedVersion | en_US |
dc.rights.holder | © 2023 Ingrid Holmboe Høibo. | en_US |
dc.source.pagenumber | 1-17 | en_US |
dc.source.volume | 30 | en_US |
dc.source.journal | Techne Serien | en_US |
dc.source.issue | 2 | en_US |
dc.identifier.doi | https://doi.org/10.7577/TechneA.4946 | |
dc.identifier.cristin | 2214102 | |
dc.relation.project | Norges forskningsråd: 324758 | en_US |
cristin.ispublished | true | |
cristin.fulltext | original | |
cristin.qualitycode | 1 | |