Digitale ferdigheiter som ferdigrett eller råvare?
Peer reviewed, Journal article
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2753846Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Institutt for estetiske fag [105]
- Publikasjoner fra CRIStin [3865]
Originalversjon
Høibo, I. H., & Lerpold, M. H. (2020). Digitale ferdigheiter som ferdigrett eller råvare?. FormAkademisk - Forskningstidsskriftet for design og designdidaktikk, 13(3). https://doi.org/10.7577/formakademisk.3696Sammendrag
I det digitaliserte samfunnet i dag skjer ei betydeleg endring i læringa sine materielle føresetnader, frå konkrete og analoge læringsmiljø til digitale og virtuelle. Parallelt med den massive digitale satsinga i nordiske utdanningssystem har det vekse fram ei global rørsle kalla the maker movement. Denne artikkelen undersøker korleis rørsla kan bidra til ei breiare og fleirfasettert tilnærming til digital kompetanse i Kunst og handverk (KogH), enn den skjermtunge praksisen som til no har dominert. Gjennom studie av læreplanar, læringsteoriar, eigen praksis i feltet, praktiske døme og den stadig veksande ‘makerrørsla’, vert det undersøkt om utdanningssystemet i større grad burde støtte seg til den faglege og forskingsmessige kunnskapen om kropp og materialet si rolle i barn si læring når viktige avgjersler om skuleutvikling og digitalisering av KogH-faget skal takast.