Avgangseksamen i norsk – på kva måtar gir oppgåvene mogelegheit til kreativ akademisk skriving?
Original version
Norendal, A. (2019). Avgangseksamen i norsk – på kva måtar gir oppgåvene mogelegheit til kreativ akademisk skriving? I I.B. Jørgensen, og N. Askeland: Kreativ akademisk skriving (s. 200-226). Oslo: Universitetsforlaget 10.18261/9788215031613-2019-11Abstract
I teksten forsøker eg å finne ut av korleis studentane er førebudde på den akademiske skrivinga i høgare utdanning. Det sentrale spørsmålet er kor vidt skriveoppgåvene i skulen opnar opp for at elevane kan komme med sjølvstendige og kreative svar. For å komme nærmare eit svar på spørsmålet analyserer eg emna og formuleringane i oppgåvene som er gitt til avgangseksamen i norsk hovudmål i vidaregåande under den noverande læreplanen. Analysen viser at oppgåvene i stor grad opnar for dei autonome svara. Til slutt drøftar eg kva som da kan vere grunnene til at mange studentar likevel slit med skrivinga.