Show simple item record

dc.contributor.advisorKruse, Kirsten Linnea 
dc.contributor.authorGardsteig, Katrine Rui
dc.date.accessioned2024-07-23T16:41:38Z
dc.date.available2024-07-23T16:41:38Z
dc.date.issued2024
dc.identifierno.usn:wiseflow:7071776:58315183
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3142884
dc.description.abstractTema for dette masterprosjektet er korleis og på kva måte lærarar driv med bokstavinnlæring, og korleis bokstavinnlæringa kan koplast til tidleg skriving på 1.trinn. Studien undersøker følgjande problemstilling: «Korleis kan lærarar legge til rette for bokstavinnlæring for elevane på 1.trinn, og korleis kan ein kople bokstavinnlæring til tidleg skriving i den første skrive- og leseopplæringa?». Studien er basert på kvalitativ forsking i form av fire semistrukturerte intervju, som hovudmetode. Som supplerande metode har studien ei didaktisk utprøving på 1.trinn, inspirert av aksjonsforsking. Utvalet av informantar til intervjuet består av fire lærarar som arbeider på 1.trinn. Den didaktisk utprøvinga er gjennomført i klasserommet til den eine læraren frå intervjurunden. Bakgrunnen for val av desse to metodane baserer seg på eit ønskje om å finne ut korleis lærarar fortel om bokstavinnlæring, og korleis ho kan koplast til tidleg skriving på hausten. Den didaktiske utprøvinga er meint som utprøvande del, der eg som forskar har laga ein progresjon som viser korleis bokstavinnlæringa kan koplast til tidleg skriving på 1.trinn, gjennom fire undervisningsøkter. Funna frå studien syner at lærarane er særs opptekne av kor viktig bokstavinnlæringa er, for at elevane skal få ein sikker bokstavkunnskap. Bokstavinnlæringa i klasseromma til dei dei utvalde lærarane tek mest plass i den første delen av skuleåret. Funna syner at det ikkje vert nytta så mykje tid på tidleg skriving som ønskjeleg på hausten, då bokstavinnlæringa skuggar for tidleg funksjonelle skriveoppdrag. Dei tekniske skriveoppgåvene frå læreverket vert nytta mest, framfor meiningsfulle skriveoppdrag. Funna frå den didaktiske utprøvinga syner at det er dei meiningsfulle skriveoppdraga som motiverer, og det er under desse øktene at elevane får utfordre seg på skrivefronten. På bakgrunn av dette kan eg konkludere med at lærarane gjer eit grundig arbeid, og legg ned mykje god innsats i byrjaropplæringa. Samstundes må etablerte undervisningspraksisar på skriving endrast, dersom ein skal ha det læringsutbytet som er forventa. Nøkkelord: funksjonell bokstavinnlæring, funksjonell tidleg skriving, tekniske skriveoppgåver, meiningsfulle skriveoppdrag.
dc.description.abstractThis MA project's topic is how and in what ways teachers conduct letter learning and how letter learning can be connected to early writing in the 1st grade. The study examines the following research question: "How can teachers facilitate letter learning for 1st-grade pupils, and how can letter learning be connected to early writing in the initial stages of reading and writing instruction?" The present study is based on qualitative research using four semi-structured interviews as the primary method. The study includes a didactic trial in the 1st grade as a supplementary method inspired by action research. The sample of informants consists of four teachers who teach in the 1st grade. The didactic trial was conducted in the classroom of one of these informants. The background for choosing these methods is based on a desire to explore how teachers view the letter learning process and how it can be connected to early writing instructions. The didactic trial aims to add a practical and explorative approach where I, as a researcher, have created a progression that shows how letter learning can be connected to early writing in the 1st grade through four teaching sessions. The findings show that teachers are very concerned with how vital letter learning is for pupils to acquire solid letter knowledge. Letter learning in the participating teachers' classrooms occupies most of the beginning of the school year. An insufficient amount of time is devoted to early writing in the autumn since letter learning overshadows early functional writing tasks. The technical writing tasks from the teaching materials are used the most, rather than meaningful writing assignments. The findings from the didactic trial show that meaningful writing assignments motivate pupils, and during these sessions, pupils get to challenge themselves in writing. Based on this, I can conclude that the teachers do thorough work and put a lot of effort into the initial instruction. At the same time, the established teaching practices for writing need to be changed if the expected learning outcomes are to be achieved. Keywords: functional letter learning, functional early writing, technical writing tasks, meaningful writing assignments.
dc.languagenno
dc.publisherUniversity of South-Eastern Norway
dc.titleKoplinga mellom bokstavinnlæring og tidleg skriving på 1.trinn: Intervjustudie av fire lærarar og didaktisk utprøving i eit klasserom
dc.typeMaster thesis


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record