Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorSwift, Cecilie
dc.contributor.authorHolen, Trude
dc.date.accessioned2023-08-03T16:41:34Z
dc.date.available2023-08-03T16:41:34Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.usn:wiseflow:6834698:55103372
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3082538
dc.description.abstractDette prosjektet fokuserer på metakognisjon og misoppfatning i algebra blant elevar på 10. trinn. Formålet med prosjektet er å undersøke om elevars metakognisjon har ein samanheng med deira grad av misoppfatning i algebra. Undersøkinga vil sjå på kva grad elevane opplever at dei har utvikla metakognitive ferdigheiter. I tillegg undersøke kva dei same elevane svarer når dei gjennomfører ein diagnostisk kartleggingstest i algebra. Problemstillinga i studien er: «I kva grad er det samanheng mellom metakognisjon og misoppfatning i algebra?» Dette er ein kvantitativ studie, der datamaterialet består av tal data. Datamaterialet vart samla inn ved bruk av ei spørjeundersøking og ein diagnostisk kartleggingstest. Spørjeskjemaet er laga med utgangspunkt i påstandar henta frå MAI-undersøkinga. Denne undersøkinga presenterer åtte ulike metakognitive ferdigheiter som eg har valt å kategorisere ned i tre kategoriar av metakognisjon. Kategoriane av metakognitive ferdigheiter som fokuserast på i denne studien er: meistringsforventing, bruk av læringsstrategiar og metarefleksjon. Den diagnostiske kartleggingstesten er utarbeida med utgangspunkt i ressurssidene til Matematikksenteret, og Chelsea Diagnostic Mathematics Test. Kartleggingstesten består av ei samling diagnostiske oppgåver i algebra, med mål om å kartlegge fleire typisk misoppfatningar innanfor tema. Fleire av dei typiske misoppfatningane kjem fram i resultatet, og oppsummerast til å vere misoppfatning knytt til: rekneoperasjonar, symbolforståing og likskapsteiknets betyding. Datamaterialet består av 46 elevsvar. Utvalet at elevar er henta frå tiande klasse på same skule. Resultata indikerer at alle elevar opplever misoppfatning. På ei anna side viser det til at alle elevar har behov for å utvikle metakognitive ferdigheite. Vi kan ut i frå denne undersøkinga argumentere for at det eksisterer ein samanheng mellom fenomena i undersøkinga. Elevane som har høg verdi av metakognisjon basert på spørjeskjema, har i dei fleste tilfelle også låg grad av misoppfatning ut i frå kartleggingstesten. Metakognitive ferdigheiter vil kunne hjelpe elevane, og vere ein ressurs for å oppdage og arbeide mot misoppfatning i algebra.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherUniversity of South-Eastern Norway
dc.titleMetakognisjon og misoppfatning i matematikk
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel