Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorVindenes, Urd
dc.contributor.authorRustad, Anita
dc.date.accessioned2023-07-28T16:41:37Z
dc.date.available2023-07-28T16:41:37Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.usn:wiseflow:6794142:55181610
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3081804
dc.description.abstractEngasjerte nynorskbrukarar og nynorskentusiastar har i fleire tiår engasjert seg for å sikre læringsressursar på nynorsk på lik linje som på bokmål. Til tross for over femti år med iherdig kamp, store skulestreikar, nye læreplanar og ei stadig digitalisering i skulen, er saka like aktuell i dag. Dagens opplæringslov lovfestar at det i andre fag enn norsk berre kan nyttast læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris (Opplæringslova, 1998, § 9-4), medan retten til læremiddel på ynskt skriftspråk er vedteke i forskrift til opplæringslova (Forskrift til opplæringslova, 2006, § 17-1). Likevel viser undersøkingar og studiar frå dei siste tiåra at læremiddel på nynorsk stadig kjem for seint (Grov, 2021), at mange ressursar ikkje er tilgjengelege på nynorsk (Myking, 2018; Noregs Mållag & Norsk Målungdom, 2001) og at ein i mange av dei ressursane som faktisk finst på nynorsk møter mykje bokmål, slurv og feil (Skjelbred et al., 2013). Med bakgrunn i den auka digitaliseringa i skulen og innføringa av nye læreplanar i 2020, er målet med denne studien å undersøke dei nye ressursane frå fire forlag, med utgangspunkt i følgjande problemstilling: Korleis er tilgangen på digitale læringsressursar på nynorsk frå fire marknadsleiande forlag av læreverk, mot tilgangen på bokmål, og korleis er den språklege kvaliteten i dei same ressursane? Gjennom ei overordna analyse av språkleg tilgjengelegheit og ei kvalitativ analyse av språkleg kvalitet, viser resultata av studien mykje av det same som tidlegare forsking. Av dei ti undersøkte ressursane, var ni tilgjengelege i parallelle versjonar på bokmål og nynorsk, medan den siste ressursen berre var tilgjengeleg på bokmål. I bokmålsversjonane av ressursane var det eit gjennomgåande godt gjennomarbeidd språk og god språkleg kvalitet, medan ein i mange av dei parallelle nynorskversjonane såg eit mindre gjennomarbeidd språk prega av slurv og hastverksarbeid. Av dei ni ressursane som fanst som nynorskversjon, hadde sju av dei i varierande grad innslag av ord som ikkje er i tråd med offisiell nynorsk språknorm. Dette var alt frå nokre få enkeltord på bokmål inni mellom, til heile setningar og oppgåvesamlingar på bokmål, men også bruk av ord som ikkje er i tråd med dei offisielle språknormene verken på nynorsk eller på bokmål. Av studien ser ein altså at sjølv om dei fleste ressursane overheld krava om at dei skal ligge føre på nynorsk og bokmål til same tid, er kvaliteten i nynorskversjonane likevel dårlegare og nynorskelevar møter eit dårlegare tilbod av læringsressursar på sitt eige språk. Konsekvensane av eit dårlegare tilbod av læringsressursar på nynorsk går ikkje berre ut over den enkelte elev som ikkje møter og lærer språket ein har ein lovfesta rett til å lære, men det vil også verke svært negativt inn på nynorsk som eit likeverdig bruksspråk i det norske samfunnet når nye språkbrukarar ikkje lærer språket og derfor vel bort nynorsk til fordel for bokmål.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherUniversity of South-Eastern Norway
dc.titleEi undersøking av tilgangen på læringsressursar på nynorsk frå fire marknadsleiande forlag av læringsressursar, mot tilgangen på bokmål
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel