Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorLarsen, Kenneth
dc.contributor.authorUlversøy, Ena
dc.date.accessioned2023-07-22T16:41:36Z
dc.date.available2023-07-22T16:41:36Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.usn:wiseflow:6863270:54993712
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3080945
dc.description.abstractElevar med diagnosen ADHD kan ha ulike utfordringar i skulekvardagen. Dei er sårbare unge som kan streve med både det faglege og det sosiale, og er ofte avhengig av å ha gode vaksne rundt seg for å meistre skuledagen (Rønhovde, 2004). Mange elevar med ADHD har rapportert om negative erfaringar frå skulen, der dei har blitt møtt av både lærarar og andre vaksne som har negative haldningar til dei (Amha & Azale, 2022). Læraren sine haldningar har stor betydning for korleis relasjonen er mellom læraren og eleven. Kvaliteten på denne relasjonen har igjen betydning for eleven si læring, trivsel og sjølvkjensle (Juul et al., 2003; Spurkeland, 2011). Målet med denne studien er å kartleggje kva haldningar som finst til elevar med diagnosen ADHD blant lærarar. Me vil også sjå på korleis desse kjem til uttrykk. Samstundes ønsker me å skape meir merksemd kring desse haldningane og sjå på kva dette betyr for elevane. Dette er ein kvalitativ studie der me har gjennomført djupneintervju av sju lærarar som jobbar ved ulike ungdomsskular. Datamaterialet er drøfta i lys av relevant teori og forsking. Studien har ei fenomenologisk tilnærming, der målet er å få fram intervjuobjekta sine personlege erfaringar og opplevingar av andre lærarar sine haldningar til elever med diagnosen ADHD. Det er nytta ein tematisk analyse for å få fram resultata i studien. Studien og funna viser at lærarar i ungdomskulen opplever mange ulike haldningar til elever med diagnosen ADHD blant lærarkollegaene sine. Det er kjem fram at det er mange som viser både positive og negative haldningar kring elevar med ADHD. Funna indikerer at lærarar gjerne ikkje har nok kunnskap om ADHD, og at det framleis verkar som om nokre lærarar stigmatiserer desse elevane. Vidare viser funna at ingen av informantane våre har fått opplæring kring ulike diagnosar, som til dømes ADHD, i grunnutdanninga si. Når dette manglar i grunnutdanninga til lærarar vil det bety at elevar som har ulike utfordringar i skulen, kan møte lærarar med lite kunnskap om ulike utfordringar og diagnosar som elevar kan ha, og om korleis dei bør møte elevane og leggje til rette for dei i skulekvardagen. Forsking viser at auka kunnskap kan vere med på å skape betre haldningar. Vidare kan funna våre tyde på at haldningar ikkje nødvendigvis har samband med erfaring og utdanning. Kva for haldningar ein lærar har, og korleis han klarar å skape og oppretthalde ein god relasjon til elevar, vil også vere avhengig av kva for personlege eigenskapar læraren har, uavhengig av kva utdanning han har.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherUniversity of South-Eastern Norway
dc.titleElevar med diagnosen ADHD. Kva haldningar til elevar med ADHD finn ein blant lærarar i skulen?
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel