Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorNorunn Askeland
dc.contributor.authorAase, Silje Johanne Brauti
dc.date.accessioned2023-07-19T16:41:55Z
dc.date.available2023-07-19T16:41:55Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.usn:wiseflow:6838496:54573838
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3080315
dc.description.abstractLæreboka er ein viktig ressurs for nynorsk. Denne masteroppgåva undersøkjer gjennom kvantitativ og kvalitativ innhaldsanalyse bruk og omtale av nynorsk i fire lærebøker i norsk for vg2. Alle lærebøkene er fellesutgåver for bokmåls- og nynorskelevar. Eg har ønskt å finne ut av kva forståingar av nynorsk som blir kommunisert i lærebøkene. For å finne ut dette har eg i den kvantitative analysen talt omfanget av sider på nynorsk i dei aktuelle bøkene. Eg har også talt og kategorisert nynorske kapitteltema, litterære sjangrar og oppgåvetypar. I den kvalitative analysen har eg sett på i kva grad dei nynorske oppgåvene gir elevane høve til å bruke nynorsk som eit bruksspråk. I tillegg har eg gjennomført ein metaforanalyse som eg meiner kan peike på underliggjande tankestrukturar og forståingar av nynorsk som blir kommuniserte og vidareformidla gjennom språket og diskursen om nynorsk. Funna viser at alle lærebøkene i utvalet har ein lågare prosentandel nynorsk enn det som tidlegare var fastsett kvotefordeling for fellesutgåver, som var 40%. Dette peikar mot ein stadig nedgåande trend for bruk av nynorsk. Det er også meir bruk av nynorsk i dei konvensjonelle skrive- og lesekompetansekapitla, og dessutan i litteraturhistoriekapittel. Dei konvensjonelle plasseringane kan kommunisere ein tradisjonell diskurs om nynorsk. Det blir også støtta av bruken av dei tradisjonelle metaforane som blir brukt for å forklare den norske språkhistoria. Dette kan bidra til minoriseringa av nynorsk, altså at nynorsk blir gjort mindre. Representasjon av nynorsk litteratur viser ein lik tendens, der nynorsk i stor grad blir knytt til lyrisk og episk litteratur, og i mindre grad sakprosa og dramatikk. Samtidig viser funna at omfanget av nynorsktekstar er låg, samanlikna med bokmålstekstar. Verken nynorsk- eller bokmålselevar får med dette eit tilstrekkeleg tilfang av tekstar på nynorsk i desse lærebøkene. I heilskap kommuniserer lærebøkene i utvalet ei forståing av nynorsk som eit mindre viktig språk; som eit sidemål i praksis. I lys av at alle lærebøkene er fellesutgåver, kommuniserer ein låg prosentandel nynorsk ei forståing av nynorsk som det som er tilsidesett til fordel for bokmål. Lærebøkene gir nærast ingen forsøk på å utvikle og styrkje det nynorske skriftspråket. Dette samsvarer ikkje med det Språklova seier, og lærebøkene kommuniserer med dette at språklova ikkje blir anerkjent av dei. Nynorskelevar får heller ikkje nok tilfang av tekst på hovudmålet sitt, noko som står i strid med Opplæringslova. Med dette bidreg lærebøkenes representasjon av nynorsk til minoriseringa av nynorsk.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherUniversity of South-Eastern Norway
dc.titleForståingar av nynorsk i lærebøker i norsk for vg2
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel