Frå tingstova til Stortinget: Bøndenes initiativ i debattane om ny sakførarlov 1815–1848
Peer reviewed, Journal article
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3071827Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Morken Farstad, E. (2021). Frå tingstova til Stortinget. Heimen, 58(3), 226-244. https://doi.org/10.18261/issn.1894-3195-2021-03-03Sammendrag
Artikkelen ser på korleis lokal rettskultur frå norske bygder kom til uttrykk i stortingsdebattar mellom 1815 og 1848. Analysen følgjer bøndenes initiativ for å fjerne regulering av sakførarverksemd, og legg deira erfaringar frå bygdetinget til grunn for stortingsforslaga. Sporadisk bruk av lekmannsforsvararar kunne skje på tinget, noko som hang saman med det reelle behovet for rettshjelp på bygdene samt ei delvis negativ innstilling til embetsprokuratorar. Bondeforslaga om frislepp frå 1815 og framover fekk aldri fleirtal i begge avdelingar i den lovgivande forsamlinga. Frå 1830-åra blei bondeinitiativa neglisjert til fordel for ei moderat linje under fana til liberale borgarar, som ville halde på kravet om juridisk eksamen. Den nye lova blei dermed fundert på borgarskapets ideal, meir enn bøndenes erfaringar. Artikkelen foreslår at bøndenes initiativ for frislepp av sakførarnæringa likevel må ha ein sentral plass i forståinga av korleis Noreg fekk ei av dei mest liberale sakførarlovene i Europa i 1848.