Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorStorhaug, Knut Fonneløp
dc.contributor.authorAreklett, Lene
dc.date.accessioned2022-08-26T16:42:12Z
dc.date.available2022-08-26T16:42:12Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.usn:wiseflow:6590883:50772736
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3013888
dc.description.abstractProblemstillinga for denne studien er; Korleis kan læraren etablere læringsfremmande relasjonar til elevar med stille åtferd? Bakgrunn for problemstillinga er at eg i praksis har erfart at det er ei underkommunisert utfordring, og eg har sett at der er eit behov for meir forsking på elevar med stille åtferd. NOU 2009: 8 (2009) visar at elevar med stille åtferd har lågare skulefaglege presentasjonar, og eg ønska derfor å undersøke kva ein som lærar kan gjere for at eleven med stille åtferd skal kunne lære. Denne studien utforskar derfor særleg kor viktig lærar- elev relasjonen er, som ein viktig føresetnad for at eleven skal kunne lære. For å svare på problemstillinga er det gjennomført tre semistrukturerte, kvalitative intervju med tre erfarne lærarar. Studiens teoretiske rammeverk byggjer på det sosiokulturelle læringssynet. Det vil sei at eg kan plassere eleven med stille åtferd i det sosiale klasserommet, der utfordringane blir særleg synlege. Utfordringane elevane med stille åtferd har med munnleg bruk av språket blir synlege i det sosiokulturelle klasserommet, då dei bryt med dei uskrivne reglane for korleis ein opptrer. Funna mine kan peike mot at informantane er klar over utfordringa stille åtferd førar med seg for eleven, men at dei opplever det som tidkrevjande og utfordrande, og at dei manglar verktøy for å arbeide spesifikt med eleven med stille åtferd. Informantane verdset lærar- elev relasjonen høgt og ser på den som viktig å bruke tid på. Studiens funn visar at lærarane i stor grad fokuserer på at eleven skal vere munnleg aktiv, men ikkje i like stor grad fagleg aktive. Vidare peikar funna mot at lærarane har kunnskapar om læringsfremjande relasjonar, men praktiske implikasjonar som, til dømes tid, vil kunne hindre lærarane i å arbeide med og utvikle kunnskapar om, korleis lærarens relasjon kan påverke læring for elevar med stille åtferd. Leiinga verdset i følgje det valte teoretiske rammeverket læraren høgt og stolar på at læraren sjølv klarar å identifisere og legge til rette for elevane med stille åtferd, medan funna og teorien peikar mot at læraren manglar dei naudsynte verktøya. Eg ønsker at denne studien skal gi eit bidrag til kunnskapar og støtte mot lærarars refleksjonar og diskusjonar om betydninga av lærar- elev relasjonen og læring for elevar med stille åtferd. Vidare forsking bør ta utgangspunkt i elevens stemme og få fram eleven med stille åtferds tankar om læring og lærar- elev relasjon. Nøkkelord: Stille åtferd, lærar- elev relasjon, læring, læringsfremjande relasjon, munnleg kompetanse.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherUniversity of South-Eastern Norway
dc.titleDei stille ropa om hjelp til læring i klasserommet
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel