Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorEiesland, Eli Anne
dc.contributor.authorHesjedal, Liv Astrid Halvorsen
dc.date.accessioned2022-08-26T16:42:03Z
dc.date.available2022-08-26T16:42:03Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.usn:wiseflow:6608115:50762123
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3013880
dc.description.abstractTema for denne masteroppgåva er korleis lærarar reflekterer kring bruk av metoden STL+ i den fyrste skrive- og leseopplæringa. Problemstillinga er: Kva er lærarar sine refleksjonar kring bruk av STL+ i den fyrste skrive- og leseopplæringa? Bakgrunnen for denne problemstillinga er mi oppfatning av at politikarar gjer vedtak som avgjer kva metode lærarar skal nytte i sine klasserom. Desse vedtaka gjer dei heilt utan forsking i ryggen, og eg ville finne ut kva lærarar syntest om ein metode som dei mange stader vert tvinga til å bruke. Då PISA-sjokket velta inn over landet på starten av 2000-talet var det nettopp lese- og skrivedugleikane norske elevar ikkje meistra godt nok. Skulen vart meir målstyrt i dei nye læreplanane som kom i 2006. Samstundes som dette pågjekk vart det utvikla nye metodar innan skrive- og leseopplæringa. Arne Trageton og Mona Wiklander, vidareutvikla på kva sin kant, metodar som vart nytta innan spesialundervising slik at det vart verktøy alle elevar fekk tilgang til. Med dette gjorde talesyntesa sitt inntog i norske klasserom. Å skrive seg til lesing med lydstøtte, vart den nye trenden mange stadar. Lærarar vart sende på kurs, og kommunane kjøpte inn utstyr tilpassa metoden. Alt dette utan forsking som seier at det er den beste, eller i alle høve ein av dei beste, vegane inn i skrive- og leseopplæringa. Studien er basert på to kvalitative semistrukturerte forskingsintervju. Utvalet består av to lærarar som begge nyttar STL+ i si undervisning. Når eg nyttar denne typen intervju er det for å få fram lærarane sine tankar og refleksjonar, samstundes som eg kunne komme med oppfylgingsspørsmål. Mine funn viser at lærarar som nyttar metoden har elevar som er motiverte, og nokså raskt knekkjer lesekoden. Lærarane meiner bruk av metoden gjev rom for tilpassa opplæring, og dei kan ikkje sjå negative sider knyt til STL+. Det mine funn også viser er at ingen av informantane vel å bruke metoden som einaste veg inn i skrive- og leseopplæringa, og ingen av dei føl metodeboka slavisk. Dette kan indikere at metoden er eit godt verktøy som ein av fleire digitale, eller analoge vegar inn i den fyrste lese- og skriveopplæringa.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherUniversity of South-Eastern Norway
dc.titleOg så har vegen blitt til medan me går
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel