Vegen til god bokstavkunnskap
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3011397Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Temaet i denne masteroppgåva er bokstavinnlæring der føremålet er å rette søkelyset mot korleis lærarar arbeider i bokstavinnlæringa. Problemstillinga som ligg til grunn for studien er «Korleis introduserer og arbeider fire lærarar i bokstavinnlæringa på 1. trinn? På kva måte er tilnærming eit reflektert val?».
For å kunne svare best mogleg på problemstillinga har studien tatt utgangspunkt i kvalitativ metode, der eg har nytta både intervju og observasjon. Totalt har eg intervjua fire lærarar på tre forskjellege skular, og observert tre undervisningstimar hos kvar lærar.
Funn frå studien viser at alle lærarane praktiserer ei formell bokstavinnlæring, med fokus på fonem-grafem kopling. Utover ein systematisk og eksplisitt opplæring, finn eg skilnadar når det gjeld kva element ved bokstavinnlæringa som blir vektlagt. Alle lærarane lar elevane forme bokstavane for hand og lærer både den store og små bokstaven samtidig. Likevel er det skilnadar når det gjeld i kva grad bokstavforming og den store bokstaven blir vektlagt i undervisninga. Det kan virke som at lærarane arbeider med språkleg medvit kombinert med bokstavinnlæringa, men at den leikbaserte tilnærminga blir dempa til fordel for klasseromsamtalar om lyden sin plassering i ord. Vidare finn eg skilnadar når det gjeld i kva grad bokstavane blir sett i meiningsfulle skrivekontekstar.
Knytt til val av tilnærming er det gjennomgåande hos alle lærarane at eiga erfaring om kva som fungerer blir vektlagt i klasserommet. Vidare viser studien ein tendens til at når skulen har felles rammer for korleis ein skal arbeide, kan det ha positiv effekt i form av å utfordre undervisningspraksisen, kombinert med å halde seg oppdatert på nyare forsking.