Skapande arbeid i uterommet: Ei undersøking av små barns reaksjonar i møte med installasjonar på naturleikeplassen
Original version
Stenseth, H. Skapande arbeid i uterommet: Ei undersøking av små barns reaksjonar i møte med installasjonar på naturleikeplassen. Master thesis, Telemark University College, 2013Abstract
Denne avhandlinga baserer seg på ei feltundersøking av seks 5 år gamle barnehagebarn. Undersøkinga er gjennomført som fire møte, og har gått føre seg på ein naturleikeplass i ein tidsavgrensa periode på cirka tre månader. Det sentrale spørsmålet er å belyse korleis små barn reagerer i møte med installasjonar, gjennom undring, utforsking og skapande arbeid i naturen. Installasjonane har fungert som verkemiddel for å setje i gang prosessar som gir barna desse opplevingane. Det pedagogiske teorigrunnlaget er henta frå Skjervheim, og er konkretisert gjennom teori rundt omgrepet ein treledda relasjon. Utgangspunktet er at eit likeverdig møte er avhengig av at ein møtast i noko tredje. Dette er definert som noko som skjer mellom den andre, meg og sakstilhøvet. Dette er vidare utdjupa med utgangspunkt i ei intrapedagogisk forståing (Lenz- Taguchi), supplert med teori som bygger opp under denne forståinga, mellom anna Vygotsky og Säljø og teori knytt til lyttande pedagogikk. Teoridelen er bygd opp ut i frå ei verbal, kroppsleg, og estetisk tilnærming, der Gibsons teori rundt omgrepet affordances er sentral. I den teoretiske estetiske tilnærminga er Dewey, Sjklovskij og Ross nytta som hovudkjelder. Undersøkinga er empirisk og didaktisk, og delt i to fasar som kvar består av to møte med utgangspunkt i induktiv og deduktiv tilnærming. Pedagog/prosjektleiar vekslar mellom to ulike didaktiske roller i dei to fasane, i tillegg til forskarrolla som deltakande observatør. Dei fire møta er filma med videokamera, og datamaterialet er transkribert med transkripsjonsverktyet InqSkribe og analysert etter inspirasjon frå Strauss og Corbins The Constant Comparative method. Undersøkinga har to kjernefunn: 1) Det er ein tydeleg skilnad i barnas reaksjonar mellom dei to fasane. I fase 1 er barna fysisk og verbalt/non-verbalt aktive med kvarandre, men ikkje med pedagog/prosjektleiar. I fase 2 er barna mindre fysisk aktive, og meir verbalt aktive med pedagog/prosjektleiar. Dette peikar mot at pedagog/ prosjektleiar si rolle påverkar barna slik at det skjer ei endring i barnas adferd. 2) I tillegg ser ein at barna interagerer både verbalt/nonverbalt og kroppsleg med alle dei fire installasjonane i begge fasar. Funn i datamaterialet kan tyde på at det er installasjon 1 som tilbyr barna mest, sidan barna vender tilbake/ønskjer å vende tilbake til den i løpet av dei andre møta. ABSTRACT: This work focuses on a field study of six 5-year old nursing school children. The research has been conducted during four meetings in an outdoor playground, over approximately three months. The main issue was to throw light on how small children react to installations, through imagination, exploration and creativity, when outdoor. The theoretical basic is from Skjervheim, as specified through theory based on the term The Common Third. The point is that an equal meeting between subjects is dependent on what happens in The Third. This common third is about a reciprocal meeting in a three-partner relation with The Other, I and The Case. This is further explored through an intrapedagogical understanding (Lenz-Taguchi), supported by the theory of Listening Pedagogy. The theory part, is built upon a verbal, body-related and aestethical approach, where Gibsons term affordance is central. In the aestethical approach, is Dewey, Sjklovskij and Ross used as main sources. The survey is empirical and didactical. It was divided into two phases, each two meetings, based on an inductive and a deductive method. The teacher is switching between these two different methods, in addition to the third role as a participant observer. The four meetings were filmed, and the data material was transcribed with the software InqScribe. The data material was analysed on the basis of The Constant Comparative method of Strauss & Corbin. The survey has given two major findings: 1) There is a marked difference in the way children react between the two phases. During phase one, the children interact physically as well as verbally/non-verbally, though not engaging with the teacher/project leader. In the second phase, the children are less physically active and more verbally active with the teacher/project leader. This shows that the role of the teacher/project leader influences the children, so that it affects the children´s behavior. 2) In addition, we can see that the children interact both verbally/non-verbally as well as with the body language in all the four installations in each phase. Findings from the data may indicate that the art creation one has the most to offer the children, since they wish to return to it in the course of the other meetings.