Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorHilsen, Anne Inga
dc.contributor.authorHolsen, Therese Karoline
dc.date.accessioned2024-07-18T16:41:27Z
dc.date.available2024-07-18T16:41:27Z
dc.date.issued2024
dc.identifierno.usn:wiseflow:7109367:59095792
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3142241
dc.description.abstractBakgrunn: Menneskeleg aktivitet har fleire skadelege konsekvensar for planetarisk helse, gjennom dette vert og menneskeleg helse påverka. Sjølv om auka kunnskap og bekymring for miljøet er viktig, er det behov for ei djupare forståing av korleis miljøengasjement kan fremja berekraftige handlingar på både individ- og samfunnsnivå for å motverka desse negative trendane. Føremål: Denne studia si hensikt er å gje forståing av ulike forhald som kan fremje miljøengasjement. Gjennom livshistorier frå miljøengasjerte menneske er det ønska å fange opp forhald som kan verke positivt inn på miljøengasjement og å gje auka forståing av korleis miljøengasjement utviklast over tid. Problemstillinga for studia er: «Kva forhald kan vere med på å fremja miljøengasjement?» Følgjande spesifikke forskingsspørsmål er stilt for å belyse denne: * Er det spesifikke erfaringar eller opplevingar i livet som opplevast viktige for utviklinga av engasjementet deira? * Korleis har engasjementet endra seg i gjennom livsløpet? * Korleis opplev dei sitt engasjementet i dag? * Kva verdiar kan identifiserast eller vert trekt fram som fremmarar eller eventuelle hemmarar for engasjementet? * Kva opplevast som viktige faktorar for å handle miljøvennleg? Metode: For å belyse problemstillinga vart kvalitative livshistorieintervju vald i tråd med ei narrativ tilnærming. Utvalet bestod av fire kvinner og ein mann i alderen 33 til 64 år som er miljøengasjerte. I analysa av datamaterialet vart ei narrativ tematisk analyse anvend. Funn: Utviklinga av engasjementet har variert i gjennom ulike fasar. Vendepunkt som det å få born eller å flytte heimanfrå samanfall for fleire av intervjupersonane med endring i engasjement. Opplevd sosial støtte i nære relasjonar, sosialt fellesskap, naturopplevingar, å sjå verdien av naturen, å bry seg om andre, det å vere bevisst utfordringar og sitt eige ansvar er forhald som intervjupersonane fortel at har fremja deira engasjement. Å søkje å handle miljøvennleg der det er mogeleg er beskrive som viktig. Konklusjon: Utviklinga av miljøengasjement er ein prosess som skjer over tid og som kan variere i ulike livsfasar. For at menneske skal utvikle miljøengasjement vil det kunne vere nyttig å legge til rette for forhald som oppmuntrar til utvikling av engasjement frå individ-, gruppe- og samfunnsnivå. For å fremje miljø som viktig kan det vere viktig å ta omsut til at utvikling av engasjement skjer over tid og kan begynne i barndommen. Strukturar på systemnivå opplevast av intervjupersonane som ei barriere for å handle. Dette kan tyde at på ein kan legge til rette for å fremje miljøengasjement i større grad enn kva det vert gjort i dag om desse strukturane endrast. Nøkkelord: Miljøengasjement, planetarisk helse, livshistorier, vendepunkt, motivasjon, meistring, naturopplevingar, verdiar, miljøvennlege haldningar, miljøvennleg åtferd.
dc.description.abstractBackground: Human activity has several harmful consequences for planetary health, which in turn affects human health. Although increased knowledge and concern for the environment are important, there is a need for a deeper understanding of how environmental engagement can promote sustainable actions at both individual and societal levels to counteract these negative trends. Purpose: The purpose of this study is to provide understanding about various conditions that can promote environmental engagement. Through life stories from environmentally engaged individuals, it is desired to capture conditions that may positively influence environmental engagement and to enhance understanding of how environmental engagement develops over time. The research question for the study is: "What conditions can help promote environmental engagement?" The following specific research questions have been posed to illuminate this: * Are there specific experiences or events in life that are perceived as important for the development of their engagement? * How has engagement changed throughout the life course? * How do they perceive their engagement today? * What values can be identified or highlighted as promoters or potential inhibitors of engagement? * What are perceived as important factors for acting pro-enviromental? Method: To answer the research questions, qualitative life history interviews were chosen in line with a narrative approach. The sample consisted of four women and one man, they were between the ages of 33 to 64 years old, and they all had an engagement for the environment. A narrative thematic analysis was used in the analysis of the data material. Findings: The development of engagement has varied through different phases. Turning points such as having children or moving away from home coincide in some cases with changes in engagement. Perceived social support in close relationships, social community, experiences with nature, seeing the value of nature, caring about others, being aware of challenges and one's own responsibility are conditions that the interviewees say has positive impact on their engagement. Seeking to act environmentally friendly where it is possible is described as important. Conclusion: The development of environmental engagement is a process that takes place over time and can vary in different phases of life. To enable people to develop environmental engagement, it may be useful to facilitate conditions that encourage the development of engagement at the individual, group, and community levels. To promote the importance of the environment, it might be essential to take into consideration that the development of engagement happens over time and can begin in childhood. Structures at the system level are perceived by the informants as a barrier to action. This may suggest that environmental engagement could be promoted to a greater extent than what it is currently if these structures were to change in the future. Keywords: Environmental engagement, planetary health, life stories, turning points, motivation, self-efficacy, experiences with nature, values, pro-environmental attitudes, pro-environmental behavior.
dc.languagenno
dc.publisherUniversity of South-Eastern Norway
dc.titleKva forhald kan vere med på å fremja miljøengasjement? Livshistoriar gjennom kvalitative intervju
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel