Show simple item record

dc.contributor.advisorKrogh, Liv Cathrine
dc.contributor.authorPedersen, Else
dc.contributor.authorPedersen, Randi
dc.date.accessioned2024-07-13T16:42:07Z
dc.date.available2024-07-13T16:42:07Z
dc.date.issued2024
dc.identifierno.usn:wiseflow:7071776:58315205
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3141060
dc.descriptionFull text not available
dc.description.abstractFøremålet med denne oppgåva er å undersøke korleis vurdering av munnleg går føre seg og korleis elevane sjølve opplever slik vurdering. Vi har derfor valt å gjere ein mixed methods studie. For å finne svar på oppgåva si problemstilling «På kva måte vurderer to ulike lærarar på ungdomsskulenivå elevane sine munnlege ferdigheiter, og korleis opplever elevane dette?» observerte vi to norsklærarar på same ungdomsskule og gjennomførte ei elevspørjeundersøking av norskklassene til lærarane i studien. Observasjonen gjekk føre seg over tre veker og elevundersøkinga inneheldt nitten spørsmål. I analysearbeidet utarbeida vi kategoriar som skal vere dekkande for begge undersøkingane. Tilnærminga i dette arbeidet kallar vi for induktiv. Då vi analyserte det kvantitative datamaterialet gjorde vi ei univariat analyse. Det sentrale teorilandskapet i vår studie vil vere det dialogiske klasserommet, vurdering av munnleg og undervegsvurdering. Studien viser at lærarane sin praksis og elevane sin oppleving ofte samsvarer i arbeidet med munnleg vurdering. Lærar 1 vektlegg dialogisk undervisning og heilklassesamtaler med direkte vurdering i munnleg form, medan lærar 2 nyttar seg av fagsamtaler og elevframføringar etterfølgt av skriftleg vurdering. Vi finn vurdering i munnleg form som praktisert i niande klasse i heilklassesamtalevurdering og i tiandeklasse etter fagsamtaler. Tilbakemeldingane kjenneteiknast som korte, generelle og utelukkande positive. Det blir også trekt fram vurderingskriterium som få, generelle og lite praktiserte. Likevel uttrykker eit fleirtal av elevane at dei får tilgang på vurderingskriteria i forkant av ulike munnlege vurderingssituasjonar. Overordna indikerer våre funn at det er rom for vidare utforsking og utvikling av praksisen for munnleg vurdering i skulen. Til slutt viser vi til forslag om å studere tilbakemeldingspraksisen i ein større skala, samt fordelen med å gjere eit intervju av lærarane i tillegg. Studien bidrar til kunnskap rundt tilbakemeldingspraksis og behovet for vurderingskriterium, og ikkje minst vil studien styrke vår praktisering som lærarar på feltet. Vi peiker også på didaktiske implikasjonar som å utarbeide konkrete og klare kriterium, fokusere på å gi utfyllande tilbakemeldingar og danne eit felles metaspråk til hjelp for både lærarar og elevar.
dc.description.abstractThe purpose of this assignment is to study how oracy assessment is evaluated and how the students themselves experience such an assessment. Therefore, we have chosen to conduct a mixed methods study. To find the solution to the assignment’s research question, “In what way do two different teachers at a middle school level assess students’ oracy skills, and how do the students experience this?” we observed two Norwegian language teachers at the same middle school and conducted a survey in the Norwegian classes of the teachers in the study. The observation took place over three weeks and the student study included nineteen questions. During the analysis process, we created categories intended to be comprehensive for both studies. The approach used in this work is called inductive. When we analyzed the quantitative data, we conducted a univariate analysis. The central theoretical framework in our study will be the dialogic classroom, oracy assessment and formative assessment. The study shows that the teacher’s practice and the experience of the students often correlate in the work of verbal assessment. Teacher 1 emphasizes dialogic teaching and whole-class discussion with direct oracy assessment, while teacher 2 utilizes subject-specific discussion and student presentations followed by written assessments. We find assessment in verbal form as practiced in ninth grade whole-class discussion assessment and in tenth grade after subject discussion. The feedback is characterized as short, general, and exclusively positive. Assessment criteria is also highlighted as being few, general, and rarely practiced. Nevertheless, a majority of the students expressed that they received access to the assessment criteria in advance of oracy assessment situations. Overall, our findings indicate that there is room for further exploration and development in the practice of oracy assessment in school. Finally, we refer to the suggestion of studying the feedback practice on a larger scale, as well as the benefit of conducting interviews with the teachers. The study contributes to the knowledge surrounding feedback practices, the need for assessment criteria, and most importantly, it will strengthen our practice as teachers in the field. We also point to didactic implications such as developing specific and clear criteria, focusing on providing comprehensive feedback and creating a common metalanguage to assist both teachers and students.
dc.languagenno
dc.publisherUniversity of South-Eastern Norway
dc.titleVurdering av munnleg: Ein Mixed Methods studie av lærarar sin praksis og elevene si oppleving
dc.typeMaster thesis


Files in this item

FilesSizeFormatView

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record