Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBakke, Inger Marie
dc.contributor.advisorMoshuus, Geir
dc.contributor.authorBerdalen, Cecilie Setalid
dc.date.accessioned2024-07-04T16:42:26Z
dc.date.available2024-07-04T16:42:26Z
dc.date.issued2024
dc.identifierno.usn:wiseflow:7108820:59485063
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3138129
dc.descriptionFull text not available
dc.description.abstractDenne masteroppgåva handlar om unge vaksne lærlingar med helseutfordringar i bygg-og anleggsbransjen, arbeidsretta rehabilitering og karriereutvikling. Gjennom å forstå korleis lærlingar i bygg-og anleggsbransjen opplever å ha gjennomført eit fire veker tverrfagleg intensivt arbeidsretta rehabiliteringsprogram i spesialisthelsetenesta og tida etter kan vi få auka innsikt kva verdien er gjennom dei unge si stemme. Det empiriske grunnlaget er tre individuelle djubde intervju av unge vaksne som var lærlingar på tidspunktet dei gjennomførte programmet for mellom 6 månader og to år sidan. Funn er drøfta i to teoretiske perspektiv: Aaron Antonovski, teori for salutogenese og OAS (oppleving av samanheng), samt Marck Savickas karrierekonstruksjons teori. Funn viser at alle får betre helse gjennom styrka OAS (oppleving av samanheng) og ny tru på arbeid ved styrking i subjektiv yrkesoppfatning. Programmet kan forståast som ein arena for karriererettleiing i eit inkluderande fellesskap der gruppa og det tverrfaglege teamet støttar og lyftar fram ressursane. Gjennom programmet har dei etablert nye strategiar for meistring som både påverkar helsa og karriereutvikling. Dei nye ressursane som dei i ulik grad tar i bruk i tida etter programmet er: søke støtte ved behov, fysisk aktivitet, sjølvledelse og forståelse for jobbmoglegheiter. Funn i studien viser at det fire veker intensive tverrfaglege programmet har ein verdi som ein arena som fasiliterer påkobling tilbake i bedrift for å fullføre lærekontrakt i samarbeid med opplæringskonsulent. Samtidig ser vi i studien at to av tre fortel om nye opplevingar med ufrivillige karrierebrot og manglande fullføring av lærekontrakt nokre månader etter opphaldet. Etter dette vert dei i for stor grad ståande aleine om ansvaret for å «få seg tilbake i jobb» slik ein informant uttrykte det. Det har og ført til at det no kun er ein av desse som fortsatt har ei tilknyting til bygg-og anleggsbransjen. Dei to andre ynskjer det, men får ikkje innpass. Bransjen, opplæringskontor og institusjonar som driv med arbeidsretta rehabilitering må i større grad tenke langsiktig oppfølging om vi skal lykkas med å gje programmet ein enno større verdi sett frå dei unge sitt perspektiv. Kanskje kan karriererettliingsfeltet bidra slik at dei unge får tilpassa oppfølging som ein buffer mot stadig nye ufrivillige karrierebrot.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherUniversity of South-Eastern Norway
dc.titleLærlingar, døgnbasera arbeidsretta rehabilitering og karriereutvikling
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

FilerStørrelseFormatVis

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel