Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorNilsen, Anders Grov 
dc.contributor.authorMathiassen, Marit
dc.date.accessioned2023-12-08T14:28:36Z
dc.date.available2023-12-08T14:28:36Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.usn:wiseflow:6859242:54947631
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3106687
dc.description.abstractOpplæringslova slår fast at ein del av skulen sitt oppdrag er å ruste elevar til «å meistre liva sine og delta i arbeid og fellesskap i samfunnet» (Opplæringslova, 2022). Digitaliseringa i samfunnet vert spegla i skulen, og legg føringar for kva kompetansar elevane treng opplæring i for kunne meistre livet. Lærarar må derfor utvikle kompetanse slik at dei er i stand til å bruke digitale verktøy på ein pedagogisk og fagdidaktisk hensiktsmessig måte i profesjonsutøvinga. Bakgrunnen for denne studien er at eg har stor interesse for fagdidaktiske og pedagogiske vurderingar som ligg til grunn for korleis ein integrerer digitale læremiddel i undervisning. Det er svært god tilgang på eiga digital eining i norsk skule (Munthe et al., 2022), og hovudutfordringar handlar derfor om kva lærarar kan gjere for å implementere teknologi som læringsfremjande ressurs (Spurkeland & Blikstad-Balas, 2016). Eg ønsker med denne studien å bidra til kunnskap om korleis lærarar opplever profesjonsfaglege digitale kompetanse, avgrensa til pedagogikk og fagdidaktikk. Det teoretiske rammeverket inneheld læring i eit sosiokulturelt perspektiv, og då med særleg fokus på språk på grunn av den sentrale posisjonen i interaksjonen mellom menneske og dei digitale læremidla i klasserommet, samt refleksjonen i profesjonsfellesskapet. Studien bygger på kvalitativ metode med fenomenologisk tilnærming og hermeneutisk tolkingstradisjon. Eg har gjennomført 4 semistrukturerte intervju, og søker tilgang til desse lærarane sine opplevingar av PfDK. I analysen har eg nytta konstant komparativ metode som bygger på vekselverknad mellom teori og datamateriale. Studien avdekker fleire interessante funn. Lærarane opplever ein svakare relasjon med eleven på grunn av teknologien i klasserommet, og dette utfordrar lærar sin pedagogiske og fagdidaktiske kompetanse. Samtidig opplever dei at teknologien bidreg med viktige læringsanalysar og effektivisering av rettearbeid. Lærarane i denne studien opplever og at kompetanseutvikling i å legge til rette for gode læringsmiljø i teknologirike klasserom har lite plass i den felles profesjonsutviklinga på skulen. At teknologien bidreg med nyttige læringsanalyser, gjev moglegheit for ny praksis i klasserommet, samtidig som den utfordrar relasjonen mellom elev og lærar. Fagdidaktisk innramming og nok profesjonsfagleg digital kompetanse hos lærar er viktige faktorar for å realisere meirverdien av teknologien.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherUniversity of South-Eastern Norway
dc.titleProfesjonsfagleg digital kompetanse hos lærarar
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel