Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorKrogh, Liv Cathrine
dc.contributor.authorHiim, Liva Rakel Ritland
dc.date.accessioned2023-09-07T16:41:24Z
dc.date.available2023-09-07T16:41:24Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.usn:wiseflow:6794200:55192618
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3088010
dc.description.abstractI denne undersøkinga skal eg svare på problemstillinga: Korleis opplever ungdomsskuleelevar skulen sitt arbeid med å fremje leselyst? For å svare på denne problemstillinga har eg nytta meg av desse forskingsspørsmåla: * Korleis legg læreplanen til rette for å fremje leselyst hjå ungdomsskuleelevar? * Korleis er lese-vanane og -haldningane til ungdomsskuleelevar? * Blir skulebiblioteket nytta som den ressursen det er? Dette er ei kvantitativ undersøking, med kvalitative preg, der empirien er henta inn gjennom eit spørjeskjema. For å svare problemstillinga er det også gjort ein dokumentanalyse av læreplanen i norsk, for å sjå korleis den gir rom for arbeidet med å fremje leselyst hjå dei eldre elevane i grunnskulen. Spørjeskjemaet består av fem deler: haldningar til lesing, kjennskap til lesestrategiar, lesing i skulen, skulebibliotek og korleis elevane opplever skulen sitt arbeid med å fremje leselyst. Det blir så gjennomført deskriptiv og kausal analyse av resultata. Empirien er henta frå ein Ungdomsskule på Vestlandet, med 27 respondentar. Teorigrunnlaget i undersøkinga består av resultat frå PISA-undersøkinga frå 2018, lesekompetanse/literacy, lesemotivasjon- indre og ytre, leseengasjement og litterær sosialisering. I teorikapittelet vert litteratur frå Åsmund Hennig, Astrid Roe, Tove Stjern Frønes, Fredrik Jensen, Oddny Solheim og Jeffrey D. Wilhem nytta. Resultata frå undersøkinga viser at fleirtalet av respondentane har negative haldningar til lesing, der dei korkje ser på seg sjølv som lesarar, eller ser på det som viktig å vera ein god lesar. Ein kan også sjå at elevane les lite i undervisninga, men det er drive med mykje høgtlesing. Elevane uttrykker eit ynskje om å få mogleik til å lese meir på skulen, då gjerne hyppigare og i kortare intervall. Denne undersøkinga viser tendensar til at denne skulen slit meir med leselyst enn gjennomsnittet. I dokumentanalysen har ein funne at den overordna delen av læreplanen samt kjerneelementa er ideelle for arbeidet med leselyst, men dette vert ikkje følgja opp i kompetansemåla. Ved utgangen av mellomtrinnet skjer det ei endring i kompetansemåla, der lesing for opplevinga forsvinn heilt og blir erstatta av meir instrumentale mål. Kjerneelementa i læreplanen, samt dei tverrfaglege temaa kan også passe til arbeidet med leselyst, der spesielt demokrati og medborgarskap utmerkar seg. Dette underbyggjer literacyforskar Wilhem, samt Regjeringa med den nye satsinga på leselyst.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherUniversity of South-Eastern Norway
dc.titleLeselyst på ungdomsskulen
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel