Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorLarsgaard, Ann Kristin
dc.contributor.authorLillebø, Anette Olderkjær
dc.date.accessioned2023-08-03T16:41:44Z
dc.date.available2023-08-03T16:41:44Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.usn:wiseflow:6863282:54993898
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3082541
dc.description.abstractNasjonale omfangsstudiar peiker på at ei betydeleg mengde barn i Noreg blir utsett for vald og overgrep (Mossige & Stefansen, 2016; Thoresen & Hjemdal, 2014). For å finne ut om eit barn blir utsett, vil det være vesentleg å samtale med barnet (Øverlien, 2015). I dette arbeidet er lærarar ei yrkesgruppe som kan spele ei svært verdifull rolle (Nordhaug, 2018). Likevel er det lite forsking på korleis lærarar erfarer å ha samtalar med barn ved bekymring om vald og overgrep. Med bakgrunn i dette har eg sett på det som hensiktsmessig å undersøkje lærarar sine erfaringar, med fokus på kva dei opplever som viktig for å utføre slike samtalar. Studien sin problemstilling er følgjande: «Kva opplever lærarar å være av betydning for å samtale med barn ved bekymring for vald og overgrep?» For å utforske denne problemstillinga har eg gjennom kvalitativ metode utført semi-strukturert intervju med fire grunnskulelærarar. Alle hadde tidlegare erfaringar med å ha bekymringssamtalar med barn om vald eller overgrep. Studien sine funn tilseier at det som lærarane opplever å være av viktigast betydning er å utvikle god relasjon med barna, deriblant gjennom å være trygge og til å stole på. Dei opplever seg sjølv som heilt vesentlege vaksne på grunn av den nære relasjonen som kan oppstå. Det vil bli diskutert at betydinga av relasjon kan bli forstått som å være av så stor betydning, at det kan tenkjast å trosse ein del utfordringar som lærarane står overfor, slik at desse ikkje dannar seg til hemmande barrierar for å utføre samtalen. Vidare tydeleggjer studien at lærarane ønskjer meir kunnskap om samtalemetodikk. Dei opplever kunnskapsmangel, men samstundes viser funn frå studien at dei undervurderer eigen kompetanse. Den opplevde kunnskapsmangelen skaper ein utryggleik, som kan implisere at det kan være nødvendig med meir opplæring i samtalemetodikk. Samstundes blir samtalemetodar sin nytteverdi diskutert i denne studien, gjennom at det blir stilt spørsmål ved om det er metoden som er det viktigaste for å utføre samtalen. Avslutningsvis belyser studien at forhold på arbeidsplassen kan spele ei viktig rolle for lærarar. Funn frå studien peiker på emosjonell og fagleg støtte frå kollega, ei god leiing, og tydlege rutinar på skulen som å være viktig. I tillegg blir ønskje om å få auka ressursar i skulen belyst. Betydinga av dei kontekstuelle forholda peiker på at lærarar har eit behov for å føle seg trygg på eigen arbeidsplass for å best mogleg hjelpe barn.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherUniversity of South-Eastern Norway
dc.title«Du kan være den eine personen som kan hjelpe» - Ein kvalitativ studie av kva lærarar opplever å være av betydning for å samtale med barn ved bekymring for vald og overgrep
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel