Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorFrøjd, Ylva
dc.contributor.authorRundereim, Synnøve Grotle
dc.date.accessioned2023-07-21T16:41:43Z
dc.date.available2023-07-21T16:41:43Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.usn:wiseflow:6794200:55194282
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3080783
dc.description.abstractProblemstillinga for denne masteroppgåva er som følgjer: korleis posisjonerer elevar seg etter lesing av økosentrisk litteratur, der det antroposentriske og det økosentriske synet på naturen blir stilt opp mot kvarandre? Målet er at dette kan vere ein veg inn i ei kartlegging over kva haldningar som rører seg i eit klasserom. Ingen er tent med å anta at ungdommen er opptekne av klima og er miljømedvitne, eller at heimane deira er for ei berekraftig utvikling. Vi må vite kva haldningar elevane har for å drive formålstenleg utdanning for berekraft. I dette masterprosjektet har eg nytta innhaldanalyse av elevtekstar skrive av elevar på niande trinn. I tekstane har dei har blitt bedt om å ta parti med far eller mor i boka Blå av Maja Lunde. Far representerer den økosentriske posisjonen og mora den antroposentriske. Av dei 53 elevtekstane som blei samla inn, tok 34 av elevane parti med far, seksten med mor og tre klarte ikkje å ta eit eintydig val. Hovudfunnet i avhandlinga er at dette er kompleks og krev ei brei didaktisk tilnærming i klasseromma. Nokre av elevane posisjonerte seg økosentrisk, men gav opp årsaker som tangerer over til den antroposentriske posisjonen som bakgrunn for valet. Det er også elevar som skriv at dei føler seg manipulert til å velje ei viss side, og nokon trekk tilbake posisjonen sin gjennom teksten dei skriv. Dette indikerer at dette er ei vanskeleg problemstilling elevane blir stilt ovanfor, som heller ikkje inviterer til ei enkel løysing.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherUniversity of South-Eastern Norway
dc.titleBerekraftig sjølvutvikling - ein studie av korleis elevar posisjonerer seg i tekstar etter lesing av økosentrisk skjønnlitteratur
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel