"Læring med kroppen" i kroppsøvingsfaget.
Abstract
Denne studien har til hensikt å få auka kunnskapen om «læring med kroppen» i kroppsøvingsfaget. Kroppsøvingsfaget har som overordna mål å stimulere til livslang bevegelsesglede og til ein fysisk aktiv livsstil ut frå eigne føresetnader. I LK20 er Bevegelse og kroppsleg læring eit av tre kjerneelement i kroppsøvingsfaget, der ein i større grad legg vekt på det kroppslege læringsperspektivet. I kroppsleg læring er kroppen i bevegelse kunnskapsobjektet, og elevane vert kroppsleg lærande ved å erfare med eigen kropp.
Korleis kan ein implementere kroppsleg læring i kroppsøvingsfaget sin undervisningspraksis, og dermed medverke til kroppsleg medvit? Formålet med studien er å forske på problemstillinga: Korleis kan eit undervisingsforløp i praksis føre til auka medvit om «læring med kroppen»?
Teorien Physical literacy (Whitehead, 2010), med fokus på dei menneskelege nykjelkvalitetane; motivasjon, motorisk kompetanse og interaksjon med miljøet, saman med LK20, presenterast som kontekst for tolking av det empiriske materiale.
Studien synleggjer eit undervisningsforløp, der eg som lærar (og forskar) rettleiar elevar i undervisning ved bruk av ei utforskande tilnærming. Vidare belyser studien korleis elevperspektivet erfarer læring med kroppen. For å få kunnskap om læring med kroppen i kroppsøvingsundervisning, er case med intervensjon og fokusgruppeintervju nytta som metodisk tilnærming. Eit gjennomført undervisningsforløp, dannar grunnlaget for intervju med dei respektive deltakarane i undervisningsforløpet.
Funna syner ei potensiell måte å anvende undervisningspraksis i kroppsøvingsfaget, for å underbygge kroppsleg læring og dermed fagleg tyngde. Kroppsøvingslæraren må forstå elevar som kroppslege subjekt, der elevar får fridom til å utforske og erfare eiget kroppsleg nærvær i bevegelse. Tilstrekkeleg med tid til å reflektere over bevegelsesopplevingar i ulike kontekstar, kan medverke til auka forståing av læring med kroppen. Det gir rom for eit meir heilskapleg og meiningsfullt kroppsøvingsfag, som i større grad legg til rette for elevar si bevegelsesglede i eit livslangt perspektiv.