dc.contributor.advisor | Gabrielsen, Anja | |
dc.contributor.advisor | Skalstad, Ingunn | |
dc.contributor.author | Berlandstveit, Heidi | |
dc.date.accessioned | 2022-08-30T16:41:48Z | |
dc.date.available | 2022-08-30T16:41:48Z | |
dc.date.issued | 2022 | |
dc.identifier | no.usn:wiseflow:6608086:50635311 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/3014474 | |
dc.description | Full text not available | |
dc.description.abstract | Denne studien omhandlar motivasjon hos elevar knytt til bruk av uteskule på mellomtrinnet. Hensikta med undersøkinga var å finne ut om bruk av uteskule på mellomtrinnet påverka elevane sin motivasjon for naturfag, og eventuelt kva faktorar som påverka motivasjonen i ulike retningar.
Undersøkinga er gjennomført som ei kvalitativ studie med intervju av lærarar og elevar på mellomtrinnet, og har belyst følgjande problemstilling: Korleis påverkar uteskule elevane sin motivasjon i naturfag på mellomtrinnet?
Undersøkinga viser at både elevar og lærarar set pris på å flytte delar av undervisninga ut under open himmel, men at det ikkje er nokon automatikk i at elevane blir meir motiverte ved å berre flytte undervisninga ut. Det er fleire faktorar som påverkar motivasjonen til elevane. Denne studien har vist at dei viktigaste faktorane er å leggje til rette for fysisk aktivitet, at elevane opplever meistring gjennom passeleg utfordrande oppgåver, at elevane føler på ei kjensle av tilhøyrsle, og at ein som lærar legg til rette for at elevane skal få ei positiv oppleving med variasjon i aktivitetar og oppgåver, samt tilrettelegging i forhold til ver og årstid. Dess fleire av desse faktorane som inntreff, dess meir motiverte elevar får ein. Ved å nytta uteskule som undervisningsmetode ligg mykje til rette for at mange av dei nemnde faktorane skal kunna oppnåast. Kor motiverte elevane blir, er difor i stor grad avhengig av planlegginga og gjennomføringa av timane frå læraren si side. | |
dc.description.abstract | This study examines motivation in students relating to the use of outdoor learning for the purpose of education in primary school, specifically grades 5 through 7. The purpose of the study is to establish whether use of outdoor learning in these age groups affect the student’s motivation for the school subject «Science,» and which factors may affect motivation positively or negatively. The study itself is qualitative, employing interviews from teachers as well as students in years 5-7.
The survey shows that while both students and teachers benefit and appreciate the change of setting, it is not a given that the students will be inherently more motivated simply by going outside. There are multiple factors affecting the motivation of a given student or student group. These key factors include physical activity, that the students feel a sense of belonging in the environment, and an appropriate level of challenge leading to a sense of accomplishment. Lastly, of course, is a course plan that is appropriate with the weather and time of year. The more these factors are taken into account, the more motivated the student. By using outdoor learning in teaching, many of the aforementioned factors can be achieved in ways that would prove more challenging in the classroom. As such, how motivated a student, or group, will be when utilizing outdoor learning, is largely dependant on the planning and execution of each given class by the teacher. | |
dc.language | nno | |
dc.publisher | University of South-Eastern Norway | |
dc.title | Uteskule og motivasjon i naturfag | |
dc.type | Master thesis | |