Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorInger Berndtsson
dc.contributor.authorRørtveit, Haldis
dc.date.accessioned2022-01-03T17:41:27Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.usn:wiseflow:6433641:47298110
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2835868
dc.description.abstractStudien ser nærare på ferdigheita lytting hos elevar med blindhet og synsnedsetjing, og korleis lytting blir vektlagt i rettleiing frå hjelpeapparatet. Lytting er eit område det er forska lite på sjølv om det er ein viktig sans som alle menneske brukar store delar av si vakne tid. Sansane høyrsel og syn er viktige for å lære, samhandle og delta i skulekvardagen. referanse Dersom synssansen heilt eller delvis manglar vil dei andre sansane bli endå viktigare å utvikle og nytte seg av. Sidan det er gjort lite forsking på lytting og lytteundervisning blant elevar med synsnedsetjing eller blindhet, kan fokus på dette bidra til meir kunnskap og bevisstgjering om denne ferdigheita. Lytting er ein kognitiv ferdigheit som må lærast og øvast på for at eleven får nyttegjort seg av høyrselssansen på best mogeleg måte. Erfaring viser at lyd og lytting er ein viktig kompenserande ferdigheit for elevar med blindhet og nedsett syn. Mange av hjelpemidla for desse elevane er lydbaserte, likevel er det lite forsking på bruk av lytting både med og utan hjelpemiddel og korleis ein kan jobbe med lytting som ferdigheit. For å auke kunnskapen kring dette temaet vart det gjort ei undersøking i form av intervju der rådgjevarar frå Statped deltok. Statped er den statlege spesialpedagogiske tenesta i Noreg som alle kommunar kan nytte seg av dersom dei treng spesialpedagogiske tenester dei sjølv ikkje har kompetanse i. I undersøkinga deltok åtte rådgjevarar som alle hadde sine arbeidsoppgåver i avdeling syn i Statped over heile landet. Deltakarane hadde ulik bakgrunn og erfaring, men alle hadde arbeidsoppgåver på skular der dei observerte elevar i undervisningssituasjon og hadde rettleiing med skuletilsette. I analysa vart det tatt utgangspunkt i Graneheim og Lundman si kvalitative innhaldsanalyse. Materialet vart etter analysa delt inn i fem ulike tema: rettleiarane si forståing av lytteomgrepet, vektlegging i rettleiinga, rettleiingspraksis, lyttemiljø og fokus på lytting i fagmiljøet. Desse vart så slått saman til tre overskrifter som vart drøfta. Studien viste at det er stor kunnskap om lytting og kor viktig denne ferdigheita er blant rettleiarane, og det er god kunnskap om praktisk og fysisk tilrettelegging for elevgruppa med synsnedsetjing eller blindhet. Det er også stor kunnskap om ulike synstekniske hjelpemiddel som elevane har stor nytte av. Likevel er det mindre kunnskap om lytting som ferdigheit og korleis elevane kan trene på og utnytte denne ferdigheita. Bruk av omgrepet lytting som ein viktig del av innhaldet i skulekvardagen til elevane blir ikkje bruka i stor grad. Det ser ut som ein ut frå dei kunnskapar ein har om lytting, bør auke bevisstgjering og kunnskap blant rettleiarar og andre som jobbar med denne elevgruppa i skulen. Søkeord: Lytting, lytteferdigheit, didaktikk, spesialpedagogikk, elevar med synsnedsetjing, elevar med blindhet, rettleiing
dc.description.abstractThis study is about listening skills among pupils with blindness and visual impairment, and the aim is to see how listening is emphasized in counselling in schools. Knowledge about listening skills are an area with little research even though it is an important ability that everyone uses every day. Both hearing and seeing are senses that school children use to learn, communicate and participate during their day at school. If the sense of vision are complete or partly missing the other senses will become more important to develop and use effectively. Because of the lack of research in this field about listening and how to teach listening, this study will contribute to more knowledge. Listening is a cognitive skill that has to be taught and practised. Experience shows that listening is an important compensating skill for pupils with visual impairment or blindness. Different kinds of assistive devices are used a lot for these pupils, but the skill of listening and how listening can be taught are lacking. To increase knowledge about this field, it was carried out interviews with advisers that work in Statped in Norway. Statped is the organisation that helps and gives advice to schools and teachers concerning pupils with special needs. Eight interviews were performed with participants that had their main work counselling teachers in elementary schools. Graneheim and Lundman qualitative content analysis was used as method and from this five themes were chosen to further discussion: How the advisers understand the concept listening, how listening is emphasized by the advisers, how the advisers work in schools, how to create good listening surroundings in schools and how much focus there is about listening as a skill among the employees in Statped. The study shows that there is a good amount of knowledge about listening and how important this skill is. There is also good knowledge about how to adjust schools and classrooms to pupils with visual impairment and how to use assistive devices. However there is less knowledge about listening as a skill and how the pupils can practise and use this skill. It seems like the concept listening is not used as much as it should in the counselling in schools. It is important to increase the knowledge and consciousness about the concept listening among advisers and teachers working with children with blindness og visual impairment. Search words: Listening, listening skills, didactic, special education, pupils with visual impairment, pupils with blindness, counselling
dc.languagenno
dc.publisherUniversity of South-Eastern Norway
dc.titleLytting i eit didaktisk perspektiv blant grunnskuleelevar med blindhet og synsnedsetjing
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel