Bokn og Tysvær - single eller saman? : konsekvensutgreiing av ei eventuell kommunesamanslåing : kortrapport
Abstract
I slutten av november 2005 blei Telemarksforsking-Bø engasjert for å gjennomføre ei konsekvensutgreiing av ei eventuell kommunesamanslåing mellom Bokn og Tysvær. Som ein del av utgreiinga er denne kortrapporten utarbeida, som eit samandrag til hovudrapporten. På same måte som i hovudrapporten, omfattar kortrapporten skjematiske oversyn over fordelar og ulemper ved ei eventuell kommunesamanslåing. Argumentlista er naturleg nok ikkje uttømmande, men gjev ei god oppsummering av det som i utgreiinga blir trekt fram som argument for og i mot ei eventuell kommunesamanslåing. Ein eventuelt samanslått kommune vil få godt og vel 10 000 innbyggarar, medan folketalet på Bokn vil utgjere under 8 % av folketalet i ”Nye Tysvær” ut frå innbyggartala i dag. Søndre del av Tysvær med Kårstøanlegget og det store interkommunale næringsområdet for gassbasert og annan industri i Gismarvik, er truleg eit område med stort potensial for vidare utvikling. Dette saman med dei nye vegsambanda til Karmøy (T-sambandet) og lengre fram i tid Rogfast til Stavanger, vil truleg gjere dette området meir attraktivt både for næringsutvikling og busetting enn det er i dag. Dette sett i forhold til spørsmålet om kommunesamanslåing, gjer at det er argument både for og mot.