På jakt etter meining: Ei kulturanalyse av kva tilnærming norske jegerar har til elgjakt
Original version
Støylen, P. På jakt etter meining: Ei kulturanalyse av kva tilnærming norske jegerar har til elgjakt. Master thesis, University College of Southeast Norway, 2016Abstract
Denne masteroppgåva gjer ein kulturanalyse av kva tilnærming ulike jegerar har til elgjakt. Ho tek utgangspunkt i tre jaktlag, i kategoriane bygdejegerar, byjegerar og leigejegerar. Sentrale funn i samanlikninga av desse er ein del likskapar og ein felles etos som ser ut til å gjelda for jegerane på tvers av bakgrunn i dei ulike jaktlaga. Analysen startar med å drøfta skilnadar kring verdsetjing av kjøtet og jaktterrenget som kontekst. Ved å nytta sosialisering som analytisk perspektiv får vi innblikk i korleis bygdejegeren har ei særeiga sosialisering inn i jaktlaget, mens by- og leigejegerane har vorte introduserte til jakt på andre vis. Samstundes vert den uformelle sosialiseringa i jaktlaga framheva som ein viktig faktor i jegeropplæringa. Mot slutten skildrar oppgåva idealtypane «spenningsjegeren» og «opplevingsjegeren», og eg argumenterer for at det er større individuelle skilje mellom jegerane enn mellom dei tre kategoriane.