Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKvaal, Astrid Marie
dc.date.accessioned2013-03-12T14:38:12Z
dc.date.available2013-03-12T14:38:12Z
dc.date.issued2012
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/149210
dc.description.abstractBakgrunn: Å reorientere helsesektoren mot ei tverrfagleg og sektorovergripande tilnærming er i samsvar med sentrale satsingsområde innanfor helsefremmande arbeid. Tverrfagleg teamarbeid er ei anerkjend arbeidsform innan institusjonsbasert arbeidsretta rehabilitering. Det er avgrensa forsking på kunnskapsdeling i tverrfaglege team, særleg i høve til korleis rehabiliteringsteam deler sin praksiskunnskap. Føremål: Føremålet med denne studien var å utforske korleis taus og eksplisitt praksiskunnskap blir delt, drøfta og lagt til grunn for vurderingar og handlingsval i tverrfaglege rehabiliteringsteam innan institusjonsbasert arbeidsretta rehabilitering. Metode: Studien har eit kvalitativt design, og består av fokusgrupper med tverrfagleg samansette team (n=4) frå 3 rehabiliteringsinstitusjonar, samt ein feltobservasjon frå eit av teama sine tverrfaglege møte. Spørreskjema blei brukt for å innhente bakgrunnsdata (n=20). Resultat: Fagpersonane sin tause praksiskunnskap blir artikulert og gjort felles gjennom bruk av metaforar, og ved saman å formulere og reformulere problemstillingar. Taus praksiskunnskap blir anerkjend som relevant, og komplementerer teoribasert fagkunnskap som grunnlag for vurderingar og handlingsval. At teamdeltakarane viser kvarandre anerkjenning, torer å vise seg sårbare, og verdset sine komplementære roller og kompetanse, synest å vere viktige føresetnader for å dele taus og eksplisitt praksiskunnskap. Møtestruktur og teamleiing som legg til rette for at fagpersonane lytter til kvarandre, er også vesentlege element. Konklusjon: Funna frå denne studien bør få følger for opplæring av nytilsette teamdeltakarar ved at opplæringsprogram baserer seg på modell -læring. Refleksjon over praksis gjennom organisert vegleiing vil kunne styrke tverrfagleg-kunnskap-i-handling.Teammøte synest å vere ei god arbeidsform for å dele artikulerbar praksiskunnskap. Det er derimot ikkje gitt at talet på formelle teammøte er avgjerande. Det kan vere eit klokt grep å vise legerolla særleg merksemd for å skape ei felles forståing for grunnlaget for tenestene, for rollefordeling og maktutøving.
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherHøgskolen i Vestfoldno_NO
dc.subjecthelsefremmende arbeidno_NO
dc.titleDeling av praksiskunnskap i tverrfaglege teammøteno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Medical disciplines: 700::Health sciences: 800no_NO
dc.source.pagenumber85, [6] s.no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel