Deling av praksiskunnskap i tverrfaglege teammøte
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/149210Utgivelsesdato
2012Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn:
Å reorientere helsesektoren mot ei tverrfagleg og sektorovergripande tilnærming er i samsvar med sentrale satsingsområde innanfor helsefremmande arbeid. Tverrfagleg teamarbeid er ei anerkjend arbeidsform innan institusjonsbasert arbeidsretta rehabilitering.
Det er avgrensa forsking på kunnskapsdeling i tverrfaglege team, særleg i høve til korleis rehabiliteringsteam deler sin praksiskunnskap.
Føremål:
Føremålet med denne studien var å utforske korleis taus og eksplisitt praksiskunnskap blir delt, drøfta og lagt til grunn for vurderingar og handlingsval i tverrfaglege rehabiliteringsteam innan institusjonsbasert arbeidsretta rehabilitering.
Metode:
Studien har eit kvalitativt design, og består av fokusgrupper med tverrfagleg samansette team (n=4) frå 3 rehabiliteringsinstitusjonar, samt ein feltobservasjon frå eit av teama sine tverrfaglege møte. Spørreskjema blei brukt for å innhente bakgrunnsdata (n=20).
Resultat:
Fagpersonane sin tause praksiskunnskap blir artikulert og gjort felles gjennom bruk av metaforar, og ved saman å formulere og reformulere problemstillingar. Taus praksiskunnskap blir anerkjend som relevant, og komplementerer teoribasert fagkunnskap som grunnlag for vurderingar og handlingsval. At teamdeltakarane viser kvarandre anerkjenning, torer å vise seg sårbare, og verdset sine komplementære roller og kompetanse, synest å vere viktige føresetnader for å dele taus og eksplisitt praksiskunnskap. Møtestruktur og teamleiing som legg til rette for at fagpersonane lytter til kvarandre, er også vesentlege element.
Konklusjon:
Funna frå denne studien bør få følger for opplæring av nytilsette teamdeltakarar ved at opplæringsprogram baserer seg på modell
-læring. Refleksjon over praksis gjennom organisert vegleiing vil kunne styrke tverrfagleg-kunnskap-i-handling.Teammøte synest å vere ei god arbeidsform for å dele artikulerbar praksiskunnskap. Det er derimot ikkje gitt at talet på formelle teammøte er avgjerande. Det kan vere eit klokt grep å vise legerolla særleg merksemd for å skape ei felles forståing for grunnlaget for tenestene, for rollefordeling og maktutøving.