Relasjonskompetanse som eit pedagogisk verktøy i kroppsøvingsfaget
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3139780Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Dette masterprosjektet har hatt som mål å undersøke korleis seks kroppsøvingslærarar manifesterer sin relasjonskompetanse gjennom undervegsvurdering. Dette har blitt undersøkt gjennom kvalitative forskingsintervju med seks kroppsøvingslærarar på ungdomsskule og vidaregåande skule. Arbeidet med oppgåva viser at sjølv om lærarane er samde i at relasjonskompetanse og gode relasjonar spelar ei rolle i møte med elevane, så har dei ulike tolkingar av undervegsvurdering som omgrep. Noko som føyrer til ulik praksis i gjennomføring av denne vurderingsforma. Dei fire hovudfunna i oppgåva er:
* Kroppsøvingslærarane har ulik grad av vissheit knytt til korleis lærar-elev-relasjon verkar inn på eigenvurdering
* Fleirtalet av kroppsøvingslærarane arbeider bevisst med elevmedverking og målsetting for å auke elevane sin motivasjon til læring
* Fleire av kroppsøvingslærarane føler seg plikta til å gi skriftlege undervegsvurderingar, sjølv om dei synest munnlege fungerer best
* Einigheit blant kroppsøvingslærarane om at det er for liten tid til arbeid med undervegsvurdering