Danning og/eller literacy
Abstract
Ein ting ser ut til å vera sikkert. Literacy og det digitale har vorte ein naturleg og sjølvsagt del av skulekvardagen til alle elevar i grunnskulen i Noreg i 2022. I denne masteroppgåva skal eg forske på korleis det nye omgrepet literacy og det eldre omgrepet danning blir lagt fram for elevane i norskfaget gjennom ein digital læringsressurs. Oppgåva si teoretiske forankring er omgrepa danning, literacy og i ei slik oppgåve høyrer det multimodale perspektivet og med. Teorien om danningsomgrepet er basert på tankane til dei greske filosofane frå antikken, Immanuel Kant, Wolfgang Klafki, Jon Hellsesnes og Hans Skjervheim. Teorien om literacy er henta frå bøker av Marte Blikstad-Balas, Karianne Skovholt og Aslaug Veum, medan den multimodale teorien i hovudsak er basert på Magne Rogne sitt arbeid. Det er på bakgrunn av denne teorien den digitale ressursen Skolen, frå Cappelen Damm, er analysert, og deretter vil eg drøfte meg fram til eit svar på problemstillinga mi.