Brukaren si stemme i TOO og tannhelsetenesta, blir den lytta til?
Description
Full text not available
Abstract
Bakgrunn: Brukarmedverknad er i vinden i mange norske helsetenester, men forfattaren kjenner ikkje til norske publiserte studiar om brukarmedverknad i tannhelsetenesta. Studien har til mål å undersøka korleis brukarar av TOO har opplevd mogelegheita for brukarmedverknad i møte med tannhelsetenestene.
Metode: Kvalitativ metode med ni individuelle intervju. Deltakarane er brukarar av TOO, eit tilrettelagt tannbehandlingstilbod for personar utsette for tortur, overgrep, eller odontofobi, og som difor har særleg behov for tilrettelagt tannbehandling. Tematisk tekstanalyse vart nytta til analyse av datamaterialet.
Resultat: Deltakarane har varierande forståing av konseptet brukarmedverknad. Dei har hatt positive erfaringar med brukarmedverknad på individnivå i TOO, men har lite erfaringar med brukarmedverknad i tannhelsetenesta tidlegare. Dei har ingen erfaringar med brukarmedverknad på systemnivå. Dei meiner at betre informasjon og kommunikasjon kan gjera tannhelsetenestene betre. For å legga betre til rette for brukarmedverknad i tannbehandling peikar deltakarane mellom anna på å bruka god tid, og at pasientane blir sett og lytta til.
Konklusjon: Deltakarane meiner at meir bruk av brukarmedverknad i tannhelsetenesta kan førebygga alvorleg vegring for tannbehandling ved at fleire får gode opplevingar i møte med tannhelsetenesta, og meir fokus på brukarmedverknad i tannhelsetenesta er difor naudsynt. The User’s Voice in TOO and Dental Care Services: Is it heard?
Background: User involvement is increasingly practiced in Norwegian health services, but the author is not familiar with any publications about this in the dental care sector. This study researches the experience of users of TOO, an adapted dental care programme for victims of torture, abuse or odontophobia, in their involvement with the dental care services.
Method: Qualitative method with nine individual interviews. Thematic text analysis was used to analyse the data.
Results: The participants had varied understanding of the concept of user involvement. They had positive experiences with it at individual levels in TOO, but had little experience with it in the dental care services earlier. They had no experience with user involvement at a system level. They suggested that better information and communication can improve the dental care services. Being seen and heard, as well as more time given to each patient, was emphasised as an improvement to user involvement in dental care.
Conclusion: The participants thought that increased user involvement in the dental care services can give more patients good experiences, which can prevent significant averseness to dental treatment. More focus on user involvement is therefore necessary.