Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorEspen Lydersen
dc.contributor.authorKårstad, Malen
dc.date.accessioned2021-08-27T16:12:39Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.usn:wiseflow:2577805:42441547
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2771622
dc.descriptionFull text not available
dc.description.abstractOrganiske miljøgifter har fysisk-kjemiske eigenskapar som gjer dei til ein global trugsel mot menneskeleg helse og miljø. Sigevatn frå deponi inneheld organiske miljøgifter og tungmetall som potensielt kan entre miljøet grunna manglande reinseteknologi. Denne masteroppgåva hadde som hovudmål om å teste retensjonseffekt av organiske miljøgifter ved bruk av ny reinsemetode på sigevatn frå Goasholtmyra, Notodden. Dessutan blei tidlegare datainnsamlingar frå sigevatnet (2015-2020) viktig for å undersøke årsvariasjonar i høve til fysiske, kjemiske og hydrologiske samanhengar mellom organiske miljøgifter og makrokjemiske parameter. Sentrale faktorar som påverkar fysiske- og kjemiske eigenskapar for sigevatn var alder, type avfall, temperatur, avfallsteittleik, fukt og avrenningsmengde. Sigevatnet er samansett av avrenning frå avslutta deponi, aktivt deponi og kloakkslamkomposterinsanlegg. Den kjemiske samansettinga til sigevatnet tilseier at det er metanogenisk, og avrenninga blir regulert av menga nedbør, perkolert vatn og temperatur. Statistiske analyser viste at toksisitet i sigevatnet var signifikant positivt korrelert med polysykliske aromatiske hydrokarboner (PAH), og petroleum hydrokarboner (PTH). Det blei utført tre ulike prøveforsøk på sigevatn med ulike retensjonsmetoder. Forsøk 1 blei ekskludert grunna dårleg resultat. I forsøk 2 blei det nytta fire ulike retensjonsmedie og lufting ved akvariepumpe, medan i forsøk 3 blei det berre brukt lufting. Forsøk 2 og 3 fekk ein retensjoneffekt mellom 90-100% av bisfenol A (BPA), PAH, perfluororert oktylsulfonat (PFOS) og perfluorert oktansyre (PFOA) ved å lufte sigevatnet. Retensjon var noko meir varierande (30-100%) hjå polybromerte difenyl etere (PBDE). Det er uvisst om retensjonsmedia brukt i forsøk 2 har hatt noko effekt på retensjon av organiske miljøgifter ettersom ein fekk relativt like resultat i prøveforsøk 2 og 3. Makrokjemiske parameter var mindre påverka av metoden nytta i prøveforsøka. Resultata frå forsøka tyder på at skumdanning på sigevatnet kan ha vore sentralt for fjerning av organiske miljøgifter der tidlegare forsking har peika på moglegheita ved akkumulering av organiske miljøgifter i skum.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherUniversity of South-Eastern Norway
dc.titleRetensjon av organiske miljøgifter frå deponi og slamkomposteringsanlegget ved Goasholtmyra, Notodden
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

FilerStørrelseFormatVis

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel