Treng vi eigentleg spelemannslag? Ein casestudie av seks spelemannslag i Telemark i lys av rekruttering, opplæring, sosial arena og institusjonalisering
Master thesis
Published version
View/ Open
Date
2018Metadata
Show full item recordCollections
- Master i kulturstudier [132]
Abstract
Dette er ein casestudie av seks spelemannslag i Telemark fylke som blir sett i lys av rekruttering, opplæring og sosial arena samt forholdet mellom dei seks spelemannslaga og kulturskuler knytt til desse.
Som mange andre frivillige organisasjonar i dagens Noreg, slit spelemannslaga med høg gjennomsnittsalder og dårleg rekruttering til dei kommande generasjonane.
Difor har eg med denne oppgåva undersøkt kva behov det er for spelemannslag i dagens folkemusikk-Noreg ettersom kulturskulane har take over som opplæringsarena for hardingfele. Hovudsakelig har eg nytta kvalitativ forskingsmetode, men det er òg noko innslag av kvantitativ forskingsmetode samt dokumentanalyse av kappleiksresultat og dei seks spelemannslagas føremålsparagrafar.
I oppgåva blir det trekt fram døme på spelemannslag som i nyare tid har lukkast med rekruttering og spelemannslag som slit med rekruttering, særleg av yngre utøvarar. Med dette har det vore høve for spørjeundersøking med elevar i kulturskulen som får opplæring på hardingfele, for å kartleggje forholdet dei har til sitt lokale spelemannslag.
Eg har òg funne det naturleg å sjå på organiseringsutvikling av folkemusikk frå den frilynte ungdomsrørsla til dagens FolkOrg samt vegen folkemusikken (i Telemark) har gått for å bli institusjonalisert.