Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAlme, Daniel Stølen
dc.coverage.spatialBergennb_NO
dc.date.accessioned2019-02-11T12:31:32Z
dc.date.available2019-02-11T12:31:32Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2584783
dc.description.abstractInnan dei fleste delar av kulturfeltet er ein heilt avhengig av frivillig arbeid både i planleggings- og gjennomføringsfasen av eventar1, årlege hendingar (som t.d. festivalar) og heilårleg drift. Formålet med denne undersøkinga er å avdekke kva som motiverar unge frivillige innan heilårleg drift i kulturorganisasjonar i Noreg, og kva grep som vert gjort av organisasjonane (særleg dei ansvarlege) for å oppretthalda rekrutteringa og motivasjonen gjennom heile året. Svært mykje av den eksisterande forskinga og teorigrunnlaget bransjen sjølv baserar sin handtering av frivillige og metodar på, er basert på forsking og teori rundt årlege eventar. Metode: Hovuddatainnsamlinga vart gjennomført hausten 2017 med dybdeintervju av 4 frivillige og 2 ansvarlege for frivillige ved studentorganisasjonar med heilårleg frivilligheit i Bergen. Som samanlikningsgrunnlag for eventbasert frivilligheit, har eg gjennomført eit dybdeintervju med ein ansvarleg for frivillige i ein eventbasert organisasjon i Bergen. Denne kvalitative tilnærminga valde eg på grunn av styrkar på inngåande informasjon og eksplorerande tilnærming til empiri og problemstilling. Konklusjon: Motivasjon er eit omfattande tema, særleg i samband med frivillige som gjev av sin tid utan direkte lønn for arbeidet. Frivilligheit baserar seg på ein type motivasjon som endrar seg over tid - både kollektivt og individuelt. Sjølv om motivasjon må sjåast på eit individuelt nivå, er det viktig for ein organisasjon å legga opp rutinar for den kollektive motivasjonen i tillegg til den individuelle. God kommunikasjon og leiing fører til gode rutinar og til at dei frivillige veit kva dei skal til ein kvar tid. Autonom2 motivasjon er den beste motivasjonen for at den frivillige held fram med den frivillige innsatsen over tid. Inkludering i organisasjonen og ansvarleggjering er også svært viktig. Kontrollert motivasjon passar best for kortfatta engasjement der belønninga er viktigast. Det er også viktig saman med kontrollert motivasjon at alle forventningar er kommunisert tydeleg i forkant av engasjementet.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskolen i Sørøst-Norgenb_NO
dc.subjectfrivillig arbeidnb_NO
dc.titleMotivasjon og leiing av frivillige. Kva styrkjer motivasjonen hjå frivillige i ein heilårleg kulturorganisasjon?nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.versionpublishedVersionnb_NO
dc.rights.holderCopyright The Authornb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Sociology: 220nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel