Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVaranes, Ingunn
dc.date.accessioned2017-09-20T12:10:22Z
dc.date.available2017-09-20T12:10:22Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2455794
dc.description.abstractI Noreg er det, særleg i urbane strøk, press på arealressursane, og dyrka og dyrkbar mark står ofte i fare for å verte nedbygd. Dyrka areal er eit knappheitsgode, og berre 3 prosent av landarealet i Noreg er dyrka. Om lag 0,3 % (35 000 daa) av dyrka og 2,1 % (260 000 daa) av dyrkbar jord har vorte omdisponert til andre føremål i løpet av dei siste 40 åra. Det er eit nasjonalt mål å redusere tapet av dyrka jord. Omdisponering av areal skjer gjennom arealforvaltning. Kommunane har ansvar for arealforvaltninga gjennom bl.a. plan- og bygningslova (PBL). Landbruksareal i ein arealplan får planføremål innan arealformålskategorien landbruk-, natur og friluftsområde (LNF) – som er eit av hovudføremåla som kan nyttast både i kommune- og reguleringsplan (PBL §§ 11-7 og 12-5). Ved revisjon av plandelen av plan- og bygningslova, som vart vedtatt i 2008, var LNF kategorien eit av fokusområda og nye planvertøy innanfor kategorien vart introdusert. Målet var å tilpasse regelverket til utviklinga i landbruket der moderne gardsdrift gjerne omfattar heilt andre tiltak enn det som var tilfelle ved sist revisjon av plan- og bygningslova. Den største endringa i høve til LNF i reguleringsplan er at det vart opna for bruk av nye underføremål. Denne oppgåva tar for seg lovgjevar sin intensjon med endringane i LNF kategorien, og korleis dei nye verktøya i lova vert nytta. Dette er undersøkt ved litteraturstudium og ved feltundersøkingar av planar i utvalde kommunar, og spørjing av fylkesmenn, andre statlege etatar, fylkeskommunar og landbruksorganisasjonar. Vidare er det gjennomført eit case study med utarbeiding av eit konkret planforslag med problemstillingar innan forvaltning av landbruksareal. Fokus i oppgåva er bruk av LNF arealføremål i reguleringsplan, og i hovudsak landbruksdelen av det samansette LNF arealformålet. Den revidera planlov (sett i kraft i 2009) opnar for å dele inn landbruksareala i fleire underføremål (for eksempel jordbruk, skogbruk, naturvern, jordvern, friluftsområder, sæterområder osv.) enn det tidlegare var rom for, for å kunne skilje mellom ulike landbrukstiltak og markere særskilde verdiar. Forarbeida til lova seier derimot lite om korleis dei nye føremåla skal nyttast. Det er heller ikkje utarbeidd vegleiar for temaet så langt. Kor stor er då bruken av dette ny og for landbruket viktige planverktøyet – etter sju år? På nasjonalt nivå vart alle Fylkesmenn og fylkeskommunar i Noreg spurt om kjennskap til bruk av LNF føremål i reguleringsplanar. Totalt kom det 14 svar, frå 14 av 19 fylker (dvs. 37 % av dei spurte instansane svarte, men 74 % av fylka). Dei aller fleste hadde liten eller ingen kjennskap til bruk av underføremål av LNF, ev. var underføremål relevante for landbruk nytta utan at dei kunne opplyse praktisk skilnad på å bruke slike underformål framfor arealformålet LNF. Det vart stilt oppfølgjingsspørsmål i høve til dei funna som var kome fram i arbeidet med oppgåva til relevante statlege etatar, inkludert to av fylkesmannsembeta, samt til bondeorganisasjonane. Av dei statlege etatane svara 50 % (3 av 6) medan av bondeorganisasjonane svara berre Bondelaget (1 av 5, 20% svar). Det fleste meinte det var bruk for å kunne regulere landbruksareal, og at mangel på kunnskap var ein av dei viktigaste årsakene til at moglegheitene for å regulere til ulike landbruksføremål i så lita grad vert nytta. Vegleiar for Plan og bygningsloven og Landbruk pluss er under revidering. Den oppdaterte vegleiaren kan kome til å gje svar på mange av spørsmåla knytt til bruk av landbruksføremål i reguleringsplan. Samtlege reguleringsplanar etter ny plan og bygningslov vart undersøkt i åtte kommunar i Rogaland, i alt 305 planar. Sjølv om LNF er med i 96 av 305 planar, var det ingen av dei der planen hadde eksplisitt føremål å legge til rette for eller utvikle landbruksdrifta. LNF- føremåla vert derimot ofte nytta på sideareal til veg, friluftsområder i hyttefelt eller for mellombelse anleggs- og deponiområder. I stor del av planane som omfatta landbruksareal var landbruksføremåla ikkje eingang omtala i reguleringsføresegnene. For å syne praktisk bruk av underføremåla vart det utarbeidd ein reguleringsplan – ei områderegulering (PBL 12-2-, 12-5) som omfattar eit større landbruksareal i Stord kommune. I planen vart det vha. underføremål (PBL 12-5, pkt. 5) skild mellom ulike typar landbruksareal ved å gje dei mest produktive areala underføremål jordvern, «vanleg landbruksareal» vart regulert til landbruksformål og areal med fleire interesser vart regulert til arealkategorien LNF. Planen inneheld i tillegg omsynssoner for grøntstruktur og naturmangfald (PBL § 12-6) og underføremåla område for spreidd busetnad i LNF, naturområde og område for kulturminner (PBL § 12-5, pkt.5). Det er generelt lite tilgjengeleg informasjon om korleis dei nye underføremåla, slik som t.d. jordbruk, naturvern, jordvern og særlige landskapsomsyn (PBL § 12-5, pkt. 5), er tenkt nytta. LNF kategorien er mykje brukt i reguleringsplanar, men i liten grad for å forvalte landbruksareal. For at virkemidla skal kome til sin rett er det naudsynt med vegleiing og synleggjering av kva mogelegheitar som finnes.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversity College of Southeast Norwaynb_NO
dc.titleBruk av reguleringsplan for forvaltning av landbruksareal – føremål og bruk : Ei brukarundersøking og case study områderegulering Sævarhagen – Hystad – Nedre Økland, Stord kommune, Hordalannb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.versionpublishedVersionnb_NO
dc.rights.holderCopyright The Authornb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel