Evaluering av regionale miljøprogram i jordbruket
Brandtzæg, Bent Aslak; Daugstad, Karoline; Flø, Bjørn Egil; Hvitsand, Christine; Storstad, Oddveig; Svardal, Solveig
Research report
Published version
Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2439893Utgivelsesdato
2008Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Rapporten legg fram ei evaluering av regionalt miljøprogram (RMP) i jordbruket, gjort på oppdrag frå Statens Landbruksforvaltning av Norsk senter for bygdeforskning og Telemarksforskning-Bø i perioden 29.10.07 til 01.02.08. Det er blitt gjennomført fleire ulike datainnsamlingar: Spørjeskjema til alle Fylkesmennenes landbruksavdelingar med i hovudsak opne spørsmål, spørjeskjema til landets kommunar v/landbrukskontora, intervju og fokusgrupper i fire utvalte fylke. I tillegg har vi studert kvart enkelt fylke sitt planverk for RMP-arbeidet. Evalueringa er gjort etter at RMP-ordninga har verka i to år, og resultata må vurderast i eit slikt perspektiv. Rapporten gjev ei samla oppsummering av evalueringa sine undertema målretting, forvaltingseffektivitet, medverknad/ informasjon, og rullering og vidareføring. Vi set også funn og tematikk frå RMP-evalueringa inn i ein litt større samanheng ved å trekkje inn erfaringar med miljøverkemiddel i jordbruket generelt både i Noreg og andre land. Til sist kjem vi med ei eiga tilråding om konkrete tiltak knytt til RMP-arbeidet framover.