Fordelar og ulemper ved kommunesamanslåing av Volda og Ørsta kommunar
Working paper
Published version
View/ Open
Date
2011Metadata
Show full item recordCollections
- Kommunalforskning [134]
Abstract
Møreforsking og Telemarksforsking har i samarbeid sett på fordelar og ulemper ved kommunesamanslåing av Volda og Ørsta kommuner. Områda samfunnsutvikling, økonomi, tenesteleveranse og strategisk fusjonsprosess er omfatta av utgreiingsrapporten. Resultata viser at ei samanslåing av dei to aktuelle kommunane vil kunne hente ut fleire synergieffektar, noko som også er i tråd med den samfunnsutviklinga som har vore gjeldande i regionen. Dei største endringane ved ei kommunesamanslåing vil omfatte endringar blant dei som er tilsett ved rådhusa. Det er ein marginal økonomisk gevinst å henta på inntektssida til ei ny kommune, men monaleg rom for kostnadseffektivisering av rådhusfunksjonane. Ei ny kommune vil ha god tid til å hente ut slike effektar. Dersom det vert vedtak om kommunesamanslåing,er den største utfordringa å integrere to ulike kulturar og arbeidsmåtar. Dette er den største risikoprofilen økonomisk sett, særleg om denne prosessen ikkje blir handsama på ein god måte. Det er avdekka fleire fordelar enn ulemper, men dei ulike faktorane er ikkje vekta. Dette ligg til kvar einskild å vurdere.
Publisher
MøreforskingTelemarksforsking