Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHjelmbrekke, Sigbjørn
dc.contributor.authorAastvedt, Ailin
dc.date.accessioned2014-01-03T12:15:01Z
dc.date.accessioned2017-04-20T06:20:01Z
dc.date.available2014-01-03T12:15:01Z
dc.date.available2017-04-20T06:20:01Z
dc.date.issued2011
dc.identifier.citationHjelmbrekke, S. & Aastvedt, A. Praktisering av sjølvkostprinsippet i kommunane. Bø: Telemarksforsking, 2011no
dc.identifier.isbn978-82-7401-442-8
dc.identifier.issn1501-9918
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2439442
dc.description.abstractKommunal- og regionaldepartementet (KRD) har ansvar for utarbeiding av retningsliner for utrekning av sjølvkost. Kommunane har, innanfor gjeldande lover og reglar, ein viss fridom til å fastsetja satsar for kommunale tenester. Telemarksforsking har på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet gjennomført ei kartlegging av praktisering av sjølvkost. Kartlegginga omfattar forvaltningsrevisjonsrapportar, lovlegkontrollar og klager til Sivilombodsmannen. Det er 89 forvaltningsrevisjonsrapportar som i hovudsak utgjer det interessante informa-sjonsgrunnlaget. Me har gått gjennom desse og trekt ut informasjon etter eit felles skjema. Tenestene omfatta av undersøkinga er avgrensa til VAR-sektoren, byggjesak og skulefritidsordning. Hensikta med kartlegginga er å få nærare kjennskap til korleis kommunane etterlever og forstår regelverket. Me har identifisert ein del viktige problemområde. Me vil gjera merksame på at undersøkingane ikkje dekkjer eit representativt utval av kommunar: forvaltningsrevisjonsprosjekt skal vera tufta på ein overordna analyse av kvar kommunen treng å verta sett i korta. Dokumentasjon av sjølvkost er av varierande kvalitet, og det er slett ikkje alltid mogleg å seia om kommunane reknar rett eller ikkje. Dette er eit problem i seg sjølv, og gjer det vanskeleg å svara på andre spørsmål. Eit hovudfunn er at ting er på rett veg. Det har tatt tid for kommunane å innarbeida ein slik praksis som retningslinene legg opp til, men på dei fleste område er dei nærare i dag enn for nokre år sidan. Dei mest alvorlege feila finn me nok rundt bruk av sjølvkostfond. For det fyrste er det vanleg ikkje å rekna rente på sjølvkostfond. Men også når det gjeld avsetningar til fondet er det store feil. Feil og manglar ved kalkulasjon av indirekte kostnader førekjem ved over halvdelen av dei undersøkte tenestene. Det vanlegaste problemet er her at kommunen fordeler færre kostnader på tenestene enn dei har høve til. Når det gjeld kapitalkostnader kjem feila i mange variantar. Vårt inntrykk er at dei vanlegaste feila anten dreg kapitalkostnadene nedover eller berre påverkar kostnaden marginalt. Likevel er det tilfelle der feilrekning av kapitalkostnader får meir uheldige konsekvensar for abonnentane. I kommunar der interkommunale selskap står for utføringa av tenestene, er det mange brot på sjølvkostregelverket. Kommunane ser ut til å ha langt mindre over-sikt over kostnader i slike selskap enn kostnader ved direkte kommunal tenestelevering. Me finn at problema er større innan byggjesak og SFO enn innanfor VAR. Me finn også at VAR er grundigast undersøkt, medan særs få rapportar omfattar SFO. Alt i alt er det mykje feil som vert gjort. På VAR-området fører dette med seg at innbyggjarane i mange tilfelle betalar meir enn sjølvkost. For byggjesak og SFO er dette mindre vanleg.no
dc.language.isonnono
dc.publisherTelemarksforskingno
dc.rights© Copyright Telemarksforskingno
dc.subjectkommunal økonomino
dc.subjectkostnaderno
dc.titlePraktisering av sjølvkostprinsippet i kommunaneno
dc.typeResearch reportno
dc.description.versionPublished versionno
dc.subject.nsi242no


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel