Utgreiing av aktuelle kommunestrukturalternativ for Vinje kommune
Research report
Published version
View/ Open
Date
2014-05-18Metadata
Show full item recordCollections
- Kommunalforskning [134]
Original version
Brandtzæg, B.A., Thorstensen, A., Hjelseth, A. & Vareide, K. Utgreiing av aktuelle kommunestrukturalternativ for Vinje kommune. Bø: Telemarksforsking, 2014Abstract
Bakgrunnen for denne utgreiinga er at Vinje kommune ynskjer å sjå nærare på aktuelle kommunestrukturalternativ. Dette har samanheng med at den nye regjeringa ynskjer å gjennomføre ei kommunereform. Eit viktig føremål med reforma, er å få større, sterkare og meir robuste kommunar som er betre i stand til å løyse eksisterande og framtidige oppgåver. Vidare peikar regjeringa på demokratiske utfordringar knytt til eit aukande interkommunalt samarbeid, og at ei kommune strukturreform også skal vere ei demokratireform. Trongen til interkommunalt samarbeid skal minkast samstundes som kommunane skal få nye oppgåver. For Vinje kommune er det av interesse å gjennomføre ei utgreiing som syner kva «fusjonsalternativ» som kan vere aktuelle for kommunen, og kva konsekvensar ulike alternativ kan ha. Ulike alternativ kan tenkjast å ha ulike fordelar og ulemper. Vinje kommune har er peika ut tre aktuelle kommunestrukturalternativ som grunnlag for utgreiinga. Desse er som følgjer: 1. Vinje + Tokke (6005 innbyggjarar) 2. Vinje + Tokke + Tinn (11978 innbyggjarar) 3. Vinje + Seljord + Kviteseid + Nissedal + Fyresdal +Tokke (14237 innbyggjarar) Desse alternativa er vurdert i høve til Vinje kommune som eige alternativ, 0-alternativet.