Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBolkesjø, Torjus
dc.contributor.authorLie, Kjetil
dc.contributor.authorAskeland, Knut Arne
dc.coverage.spatialBokn
dc.coverage.spatialTysvær
dc.date.accessioned2007-12-12T12:52:51Z
dc.date.accessioned2017-04-20T06:19:19Z
dc.date.available2007-12-12T12:52:51Z
dc.date.available2017-04-20T06:19:19Z
dc.date.issued2006
dc.identifier.isbn82-7401-252-6
dc.identifier.issn1501-9918
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2439351
dc.description.abstractI slutten av november 2005 blei Telemarksforsking-Bø engasjert for å gjennomføre ei konsekvensutgreiing av ei eventuell kommunesamanslåing mellom Bokn og Tysvær. Utgreiinga gjev ikkje nokon tilråding eller bestemt konklusjon om samanslåing eller ikkje. I rapporten har vi lagt vekt på å gje skjematiske oversyn over fordelar og ulemper ved ei eventuell kommunesamanslåing. Argumentlista er naturleg nok ikkje uttømmande, men gjev ei god oppsummering av det som i utgreiinga blir trekt fram som argument for og i mot ei eventuell kommunesamanslåing. Ein eventuelt samanslått kommune vil få godt og vel 10 000 innbyggarar, medan folketalet på Bokn vil utgjere under 8 % av folketalet i ”Nye Tysvær” ut frå innbyggartala i dag. Søndre del av Tysvær med Kårstøanlegget og det store interkommunale næringsområdet for gassbasert og annan industri i Gismarvik, er truleg eit område med stort potensial for vidare utvikling. Dette saman med dei nye vegsambanda til Karmøy (T-sambandet) og lengre fram i tid Rogfast til Stavanger, vil truleg gjere dette området meir attraktivt både for næringsutvikling og busetting enn det er i dag. Dette sett i forhold til spørsmålet om kommunesamanslåing, gjer at det er argument både for og mot. Vi har gjort berekningar, basert på nogjeldande inntektssystem, som viser at ein eventuell samanslått kommune vil få 16 mill. kroner meir i rammetilskot over den fyrste 10-års perioden etter samanslåinga. Over dei påfylgjande fem åra, dvs. for perioden 2018-2022 dersom samanslåinga skjer 1.1.2008, vil rammetilskotet bli redusert med 2,4 mill. kr per år. For dei fleste tenesteområda er det ikkje grunn til å forvente vesentlege økonomiske konsekvensar av ei samanslåing. Tenestene skal framleis utøvast, og eventuelle innsparingar vil ligge i rasjonalisering og sentralisering av drifta. Den vedtekne avtalen som ligg som føresetnad for prosessen, inneber at dette i liten grad er aktuelt. Det er ikkje vesentlege rekrutteringsvanskar innan noko tenesteområde korkje i Tysvær eller Bokn kommune i dag.no
dc.language.isonnono
dc.publisherTelemarksforsking Bøno
dc.relation.ispartofseriesRapport 230no
dc.subjectKommunesammenslåingerno
dc.subjectKommuneøkonomino
dc.titleBokn og Tysvær - single eller saman? : konsekvensutgreiing av ei eventuell kommunesamanslåingno
dc.typeReporten


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel