Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGrini, Ane
dc.date.accessioned2010-06-01T13:12:03Z
dc.date.accessioned2017-04-19T13:14:07Z
dc.date.available2010-06-01T13:12:03Z
dc.date.available2017-04-19T13:14:07Z
dc.date.issued2008
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2438961
dc.description.abstractI oppdrett av atlanterhavslaks er deformasjonar i ryggsøyla tidvis eit stort problem, spesielt hos haustsmolt. Deformasjonane fører til kvalitetsmessig nedgradering av fisken og problem i fileteringsprosessen. Dette forsøket undersøkte korleis vasstemperaturar under smoltifisering og tidleg sjøvassfase i interaksjon med inter‐peritoneal vaksinasjon med en oljeadjuvant vaksine, påverka mineralisering og utvikling av deformasjonar i ryggvirvlar hjå haustsmolt. Haustsmolt vart oppdretta ved 16 °C og 10 °C dei siste seks vekene i ferskvatn (FV) og dei første seks vekene i saltvatn (SV), ved kontinuerleg lys i kar. Deretter vart fisken overført til naturleg lys i merd. Forsøket bestod av 4 temperaturregime (10 °C FV – 10 °C SV, 10 °C FV – 16 °C SV, 16 °C FV – 10 °C SV, 16 °C FV – 16 °C SV), med vaksinert og uvaksinert fisk i kvart regime. I løpet av ferskvassperioden (smoltifisering) hadde fisk ved høg temperatur raskast vekst og utvikla lågast mineralinnhald i virvlane. Under dei første seks vekene i saltvatn hadde fisk ved 16 °C og 10 °C lik vekst, og alle temperaturregima hadde mellom 10 % og 15 % reduksjon i mineralinnhaldet i virvlane. Radiologiske undersøkingar ved sjøvassoverføring og seks veker etter sjøvassoverføring syna at verken temperatur eller vaksinasjon hadde gitt ein signifikant effekt på utvikling av virveldeformasjonar ved desse tidspunkta. Palpering 42 veker etter sjøvassoverføring viste derimot at fisk som hadde fått 16 °C i den tidlege saltvassfasen hadde signifikant høgare innslag av individ med ytre teikn på virveldeformasjonar samanlikna med fisk som hadde fått 10 °C i den same perioden (høvesvis gjennomsnittleg 17,9 % mot 2,9 % for uvaksinert fisk og 22,8 % og 2,8 % for vaksinert fisk). Dei hadde òg signifikant høgare innslag av deformert fisk basert på røntgenundersøking (høvesvis 92,7 % mot 46,1 % for uvaksinert fisk og 89,1 % mot 52,9 % for vaksinert fisk), og signifikant fleire deformerte virvlar per deformert fisk. Det var ingen samanheng mellom mineralinnhaldet i ryggvirvlane seks veker etter sjøvassoverføring og innslaget av virveldeformasjonar 42 veker etter sjøvassoverføring, og heller ikkje mellom veksthastigheita i den tidlege sjøvassperioden og innslag av virveldeformasjonar 42 veker etter sjøvassoverføring. Forsøket synar at vasstemperaturen dei første seks vekene etter sjøvassoverføring er svært kritisk med tanke på ein normal utvikling av ryggraden hos haustsmolt, og at inter‐peritoneal vaksinasjon med olje‐adjuvant vaksine ikkje påverkar utvikling av virveldeformasjoner.
dc.language.isonno
dc.publisherHøgskolen i Telemark
dc.subjectLaks
dc.subjectDeformasjoner
dc.subjectAtlanterhavslaks
dc.subjectRyggsøyle
dc.subjectSmolt
dc.subjectKompresjoner
dc.subjectMineralisering
dc.subjectVekst
dc.subjectVanntemperatur
dc.titleInnverknad av vaksine og vasstemperatur ved smoltifisering og tidleg sjøvassfase på virvelmineralisering og danning av virveldeformasjonar hjå haustsmolt av atlanterhavslaks (Salmo salar L.)
dc.typeMaster thesis
dc.description.versionPublished version
dc.rights.holder© Copyright The Author. All rights reserved
dc.subject.nsi488


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel