Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRomtveit, Lena
dc.coverage.spatialHardangervidda
dc.coverage.spatialNoreg
dc.date.accessioned2016-05-03T12:58:51Z
dc.date.accessioned2017-04-19T13:14:03Z
dc.date.available2016-05-03T12:58:51Z
dc.date.available2017-04-19T13:14:03Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.citationRomtveit, L. Jegeranes fordeling på Hardangervidda i villreinjakta - Effektar på villreinens arealbruk. Master thesis, Telemark University College, 2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2438954
dc.description.abstractVillrein er i dag under press frå fleire kantar, med stadig reduserte leveområde og uroing frå menneskeleg infrastruktur og forstyrring. Infrastruktur og forstyrring, særleg frå fotturistar er det etter kvart mykje forsking på, både på kortsiktige effektar og atferdsresponsar i eit lengre perspektiv. Men når det gjeld villreinjakta og jegeranes effektar på villreinen, som potensielt kan vera ein av dei sterkaste forstyrringane, er det bare nokon få undersøkingar knytt til fysiologiske effektar og atferdsrespons. Hovudmålet med dette arbeidet har difor vore å kartlegge jegeranes effekt på villreinens arealbruk, gjennom å sjå på korleis jegerane fordeler seg rundt på Hardangervidda gjennom jakta. Arbeidet er i stor grad styrt av det materialet som er tilgjengeleg og mykje rådata er systematisert og analysert. Det finns gode data på reinens arealbruk gjennom GPS-data som er tilgjengeleg tilbakars til 2001. Desse er analysert på fleire måtar i dette arbeidet, med bruk av MCP, kernel-density, regresjonar, frekvenstabeller og vinddata. Når det gjeld data over jegeranes fordeling, er det heller sparsommeleg. Her han ein nytta motorferdseldata, fellingsstatistikk, 'sett jeger' og intervju, og kartlegging av variablar i område utpeika gjennom intervju og fellingsstatistikk. Det er nokon område som peikar seg ut til å ha relativt mykje jegerar og jegerkonsentrasjonar gjennom jakta enkelte eller fleire år. Desse har ein stor andel (54%) av det totale talet på offentlege hytter på Hardangervidda, i hovudsak fjellstyrehytter. Områda har eit stort volum motorisert ferdsle, dei ligg for det meste på statsallmenning med mange rettighetshavarar, og tilgangen og bruken desse har gjennom jakta er relativt lite regulert samanlikna med private areal. Fleire av dei har også både topografiske- og administrative grenser i seg, og nokre ligg tett opp mot fylkesgrensa. Slik plassering ser ut til å kunne forsterke effekten av at mange har tilgang, då det ser ut til å medføre ei opphoping av jegerar opp mot desse grensene. Analysane av GPS-data (MCP, kernel-density, regresjonar og frekvenstabellar) indikerer at reinen gjennom perioden 2001-2012 har nytta stadig mindre delar av vidda gjennom jakta, særleg i Hordaland sin del av villreinområdet. Denne trenden snur i 2013, det same året som villreinforvaltinga på Hardangervidda innfører ei 5-årig prøveordning med fredingssoner i jakta. Desse sonene opprettast i 4 ulike område, derav 3 opp til fylkesgrensa mot Telemark som har mest rein gjennom jakta, for å få reinen til å trekke friare og ta i bruk støre område i jakta, i håp om at dette også vil vera positivt for auka jaktuttak. I 2013 og 2014 aukar reinens arealbruk totalt og særleg på Hordaland sin del av vidda, det same gjer andelen tid reinen brukar på Hordaland og Buskerud si side av fylkesgrensa. Reinens trekk i forhold til vind gjennom jakta og i desse fredingssonene er også undersøkt, og indikerer at reinen i hovudsak trekker mot vinden i jakta. Det er ingen skilnad for dette anten i forhold til resten av året eller kor vidt ein ser nærare på før-/etter tiltak innom mindre geografiske område, slik som opprettinga av fredingssonene. Hypotesa om at reinen skulle trekke ansleis i forhold til vinden i område med mykje jegerkonsentrasjonar, støttast ikkje i dette materialet. Derimot ser det ut til at reinens trekk stoppar opp i visse område, som fylgje av mykje jegerar eller andre ting som kan virke som barrierer.
dc.language.isonno
dc.publisherHøgskolen i Telemark
dc.subjectvillrein
dc.subjectjakt
dc.subjectHardangervidda
dc.titleJegeranes fordeling på Hardangervidda i villreinjakta - Effektar på villreinens arealbruk.
dc.typeMaster thesis
dc.description.versionPublished version
dc.rights.holder© Copyright The Author. All rights reserved
dc.subject.nsi480
dc.subject.nsi486


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel