dc.description.abstract | Denne undersøkinga har som mål å greie ut om fornybare energikjelder, og teknologien rundt bruk av hydrogen som energiberar, kan dekke behovet for elektrisk energi på Rauhelleren turisthytte. Sidan 1981, då Rauhelleren fekk installert den fyrste dieselgeneratoren, har fossilt brensel vore kjelda for elektrisk energi. Sidan den gongen har det skjedd ei rivande utvikling innan fornybare energikjelder som sol- og vindenergi og brenselcelleteknologien. Utfordringa so langt har vore å lagre energien, slik at forbruket kan skje ved behov uavhengig av dei fysiske forholda. Det er utført målingar av ressursgrunnlaget for sol- og vindenergi og logging av effektbruk. Produksjonspotensialet for vindenergi er basert på både eigne målingar og data gjevne av Meteorologisk institutt (DNMI). Målingane vart utført over 3 månadar på Rauhelleren, og dei er korrelerte mot DNMI-data frå Finse for å kunne lage tidsserie for eit heilt år. Med utgangspunkt i produksjonskurva til ein 22 kW vindturbin kan det produserast 66 MWh elektrisk energi frå vindenergi over eit år på Rauhelleren. Problem knytt til målingar av solinnstråling gjorde at desse ikkje kunne brukast i analysen. Grunnlaget for analysen er difor måledata henta frå SOUS-prosjektet med 9 målestasjonar i Sør-Noreg i perioden 1994-2001. Resultatet av målingane viser eit årleg potensial på 138 kWh/m2. For å produsere 66 MWh tilsvarande som frå vindturbinen krev det eit solcelleareal nær 500m2. Dieselgeneratoren produserer 27,2 MWh elektrisk energi årleg, dette er gjennomsnittet av ein 5 års referanseperiode frå 1997-2001. Forbruket er prega av hyppige og store sprang i effektbruken der toppane ligg tett opp mot yteevna til generatoren. Dette vart stadfesta av målingar utført vinteren 2003. Målingane som er utført, er ikkje tilstrekkelege som grunnlag for val av løysingar. Til det er det for korte måleperiodar og unøyaktige målingar. Arbeidet har derimot avdekt eit stort potensiale for optimalisering av dagens energibruk, noko som også legg grunnlaget for vidare undersøkingar. Optimalisering inneber endring av energibruk ved å erstatte elektrisk energi til oppvarming av vatn med gass og ulike former for biologisk brensel. For å auke verknadsgraden til dieselgeneratoren når den går, kan i tillegg energi lagrast i batteri til mindre forbruk. Det vil medføre minimal bruk av fossilt brensel, samtidig som forbruket vert tilrettelagt for ein seinare introduksjon av fornybare energikjelder og hydrogen som energiberar. Reduserte effekttoppar og generelt lågare forbruk av elektrisk energi reduserer både omfanget av eit hydrogenanlegg og med det framtidige investeringskostnader. På kort sikt vil det også bli lågare driftskostnadar. | |