Plastforureining i marine miljø : økologiske effektar og forvalting av plastavfall på avvege
Original version
Bareksten, J.O. Plastforureining i marine miljø : økologiske effektar og forvalting av plastavfall på avvege. Master thesis, Telemark University College, 2014Abstract
Forbruket av plast har vore sterkt aukande sidan 1950-talet. At plast er eit lett og sterkt materiale har vore viktig for denne utviklinga. Desse eigenskapane gjer også at plast vert eit problem når den ikkje verte teke hand om på rett måte. Ei nedbrytingstid som kan vere på mange hundre år, gjer at plasten vert verande i miljøa i særs lang tid. Sjølv om kjeldene til plastforureining er mange, er det sentrale prinsippet bak plastforureining at ein ikkje tek hand om plastavfall på ein forsvarleg måte. I dag utgjer plast storparten av marin forsøpling. Gjennom «Manila -erklæringa» i 2012 karakteriserte FN marin forsøpling som eit globalt problem som trugar marine habitat og artar, og som ein har undervurdert effekten av. Allereie på 1970-talet stadfesta ein at det var plastpartiklar i sjøvatn og at fisk hadde plastpartiklar i mageinnhaldet. I laboratorieforsøk påviste ein at pattedyr tok opp plastpartiklar frå mageinnhaldet, og at ein sidan kunne påvise plast i blod, vev og morsmjølk. På 1970-talet kom også dei første konvensjonane som skulle beskytte dei marine miljøa frå plast frå dumping til havs. Desse tiltaka har ikkje vore tilstrekkelege, og dei seinare åra har temaet igjen kome på banen. Medan effektane av dei store plastobjekta på marint dyreliv er kjente, og omfattar kuttskader, fastsitting, spøkelsesfiske og blokkering av fordøyingssystem, er effektane av mikroplast dårlegare kartlagt. Mikroplasten oppstår når plast vert fragmentert eller gjennom produksjon og bruk av mikroplast til ulike føremål. Forskinga i dag fokuserer mellom anna på verknaden av miljøgifter knytt til mikroplast. Miljøgiftene stammar både frå plastproduksjonen og frå mikroplasten si evne til å binde dei til seg frå omgjevnadane. Eit avgjerande spørsmål er om mikroplasten fører til at miljøgifter vert konsentrert i næringskjedene og på denne måten skadar økosystem og menneske. FN, OSPAR og EU arbeidar i dag for å takle utfordringa med plastforureininga av dei marine miljøa, gjennom forsking, tiltak for innsamling av marin forsøpling, haldningsendringar og etablering av lovverk. Mangel på systematisk kunnskap som gjer det mogeleg å gjere ei robust vurdering av kva som er dei reelle effektane på økosystemnivå vert peika på som ein viktig grunn til at det ikkje har vorte gjennomført tiltak som monner. At problemet strekk seg over juridiske, administrative og økonomiske grenser er også ein viktig faktor. The consumption of plastic has increased significantly since the 1950??. Being a lightweight and durable material have been important factors in the success. At the same time these properties cause a problem when plastic waste is not treated properly, and end up in nature. As degradation of plastic materials may take hundreds of years, the effects are long term. Even though the sources to plastic release to nature are many, the fundamental problem is insufficient management of plastic waste. Today most marine litter is plastic. In «The Manila declaration» the UN declared marine litter a global problem which threatens marine habitats and species, and which has been underestimated in impact. Plastic particles were found in seawater and fish in the 1970??. Experiments established that plastic particles were transferred from the digestive system to blood, tissue and mother?? milk in mammals. The first international conventions, which were supposed to stop the dumping of plastic in the oceans, were also signed in the 1970??. These measures have not been sufficient, and marine litter and plastic pollution have again become an issue. While ghost fishing, infected lacerations and obstructed digestive systems caused by macroplastic have been well documented, much less is known about the effects of microplastic. Fragmentation of plastic creates microplastic. Production and use of micro plastic beads are also sources of plastic pollution. The ecotoxicological role of microplastic is an import issue in current research. The toxins are embedded in the plastic itself, and in addition microplastic can absorb toxins from the surrounding environment. Whether microplastic lead to accumulation of toxins in biota, and through this mechanism poses a danger to ecosystems and ultimately humans, needs to be established. UN, OSPAR and EU are trying to develop an approach to handle the plastic pollution of the marine ecosystems. Efforts are made to change attitudes, acquire new knowledge, remove marine litter and improve regulations. The lack of systematic knowledge to make solid conclusions on the issue of effects on ecosystem level has been an explanation for the lack of sufficient management so far. Plastic pollution is a challenge that cross jurisdictional, administrative and economical borders, which further complicates the management.