Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHaugen, Magne
dc.coverage.spatialKristiansand
dc.date.accessioned2016-01-18T09:44:10Z
dc.date.accessioned2017-04-19T13:11:41Z
dc.date.available2016-01-18T09:44:10Z
dc.date.available2017-04-19T13:11:41Z
dc.date.issued2016-01-18
dc.identifier.citationHaugen, M. Den Kulturelle Spaserstokken - satsing på eldrekultur? Master thesis, Telemark University College, 2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2438874
dc.description.abstractDen Kulturelle Spaserstokken er ei ordning der Staten løyver pengar til kulturtiltak for eldre. Den vart lansert av regjeringa Stoltenberg i august 2006, og kom inn på statsbudsjettet frå 2007. I starten fordelte Kulturdepartementet pengane direkte ut til kommunane. Frå 2014 fordeler departementet pengane til fylkeskommunane, og kommunane kan søkje om tilskot frå fylkeskommunen. Målet for Den Kulturelle Spaserstokken, slik det er formulert frå Kulturdepartementet, er «å syte for ei profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre, å leggje til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren, slik at det blir utvikla gode kunst- og kulturprosjekt lokalt innan eit mangfald av sjangrar og uttrykk, samt å bidra til at eldre får eit tilpassa kulturtilbod på arenaer der dei eldre er til dagleg". Den Kulturelle Spaserstokken er eit tema som interesserer meg, og som eg arbeider ein god del med til dagleg. Motivasjonen min for å skrive masteroppgåve om dette temaet har vore å finne ut kva som er føremålet med denne ordninga frå staten si side. Ligg det ein bestemt kulturpolitisk strategi bak dette? Eller er det fyrst og fremst eit velferdspolitisk tiltak? Kanskje er det begge delar? Vidare ville eg undersøkje om ressursane blir brukte på ein fornuftig måte, og om pengane når fram til den målgruppa dei er meint å skulle treffe. KulturRullatoren er Kristiansand kommune sin lokale variant av Den Kulturelle Spaserstokken, og den er ei velutvikla og tilsynelatande velfungerande ordning. Eg har valt å forske på denne modellen, og empirien er stort sett henta frå Kristiansand kommune.
dc.language.isonno
dc.publisherHøgskolen i Telemark
dc.subjecteldre
dc.subjectkultur
dc.subjectDen Kulturelle Spaserstokken
dc.subjectkunstformidling
dc.subjectkulturformidling
dc.titleDen Kulturelle Spaserstokken - satsing på eldrekultur?
dc.typeMaster thesis
dc.description.versionPublished version
dc.rights.holder© Copyright The Author. All rights reserved
dc.subject.nsi200
dc.subject.nsi220


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel