Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLøland, Stig
dc.coverage.spatialJæren
dc.coverage.spatialJærstrendene
dc.date.accessioned2014-02-10T09:09:31Z
dc.date.accessioned2017-04-19T13:09:14Z
dc.date.available2014-02-10T09:09:31Z
dc.date.available2017-04-19T13:09:14Z
dc.date.issued2013
dc.identifier.citationLøland, S. Kampen for bølgjene : eit bidrag til å forstå bølgjesurfarar sin motstand mot surfeforbodet på Jæren. Master thesis, Telemark University College, 2013
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2438781
dc.description.abstractSamandrag: Dei siste åra har det vore ei auke i talet på konfliktar mellom naturforvaltninga og utøvarar av enkelte typar friluftslivsaktivitetar som det har vore ein vekst i utbreiinga av. Denne oppgåva tek føre seg ei av desse konfliktane som har pågått mellom bølgjesurfarar og forvaltninga på Jæren i Rogaland. Bakgrunnen for konflikten var at det i 2003 blei oppretta eit surfeforbod der surfarane mista dei to beste lokalitetane for surfing i området. Grunnen til at forvaltninga etablerte forbodet var at dei meinte at surfarane skremte fuglelivet. Mange surfarar har nekta å følgje forbodet og vel å surfe ulovleg. Målet med denne masteroppgåva er derfor å forstå surfarane din motstand mot dette forbodet og å forstå kvifor dei surfar ulovleg. Hensikta med dette er å gje forvaltninga eit innblikk i surfarane sin verden og å prøve å komme fram til nokre viktige poeng for at konflikten skal kunne dempast. Empirien som oppgåva bygger på består av semistrukturerte intervju med 6 surfarar og resultata har blitt analysert ved hjelp av sosiologen Pierre Bourdieu sine omgrep habitus, felt og kapital. Oppgåva undersøker surfarane sin motstand mot surfeforbodet på to nivå. Det første nivået tek føre seg surfarane sitt forhold til surfing og til dei forbodne bølgjene. Dette utgjer grunnmuren i surfarane sin motivasjon for ulovleg surfing og skildrar det affektive og emosjonelle forholdet surfarane har til sporten sin. Hovudfunna er at surfing blir sett på som svært viktig av informantane. Fleire har bygt opp liva sine rundt surfing og aktiviteten kan sjåast på som ei eiga karriere. I tillegg til å gje store personlege opplevingar, så gir surfing også ein samanheng i tilværet, ein identitet og ein posisjon i surfemiljøet og i samfunnet. Oppgåva viser at desse fordelane er sterkt knytt opp mot dei lokalitetane som inngår i forbodet. Oppgåva argumenterer også for at lokalitetane kan sjåast på som territorium som surfarane føler eit eigarforhold til og ut i frå dette så kan ulovleg surfing sjåast på som eit revirhevdande tiltak frå surfarane si side. Det andre nivået analyserer forvaltninga sitt arbeid med etableringa av forbodet som grunnlag for surfarane sin motstand mot forbodet. Hovudfunna viser at det er to hovudgrunnar til at surfarane reagerer på forvaltninga sitt arbeid. Det første er at surfarane reagerer på at forvaltninga kan etablere eit forbod utan å ha tilstrekkeleg bevis på at surfing er skadeleg for fuglelivet. I tillegg til dette meiner surfarane også at saksgangen har vore ulovleg. Dette gjer at surfarane opplever at forvaltninga berre kan gjere som dei vil utan å følgje korrekte og legitime framgangsmåtar i eit sånt arbeid. Surfarane opplever derfor ei sterk grad av avmakt og den einaste måten surfarane kan bli høyrt på i denne situasjonen er gjennom ulovleg surfing. Ulovleg surfing blir dermed surfarane sin måte å delegitimere og undergrave forbodet på. Konklusjonen av arbeidet er at surfarane sin motstand mot surfeforbodet på den eine sida kan forståast som eit affektivt og emosjonelt forhold til surfing og til dei beste bølgjene og på den andre sida forståast som ein form for protest mot eit byråkrati som sit med all makt. I siste delen av oppgåva blir desse resultata forsøkt brukt til å produsere nokre spørsmål som forvaltninga kan bruke som verktøy for å dempe konflikten på Jæren. Oppgåva prøver og å generalisere resultata til å kunne gjelde fleire saker av liknande karakter og kjem fram til nokre spørsmål som forvaltninga kan stille i saker der det er potensiale for konflikt mellom forvaltninga og utøvarar av enkelte typar friluftslivsaktivitetar.
dc.language.isonno
dc.publisherHøgskolen i Telemark
dc.subjectSurfing
dc.subjectBølgesurfing
dc.subjectNaturforvaltning
dc.titleKampen for bølgjene : eit bidrag til å forstå bølgjesurfarar sin motstand mot surfeforbodet på Jæren
dc.typeMaster thesis
dc.description.versionPublished version
dc.rights.holder© Copyright The Author. All rights reserved
dc.subject.nsi339


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel