dc.description.abstract | Frå eg var 20 til eg blei 30, las eg mange biografiar, og bøkene gjekk ned på høgkant. Ein tidleg årsak til det, er truleg at eg allereie frå fødselen av måtte lære å leve med eit farstap. Hungeren etter biografiar, er sikkert eit spørsmål om leit etter eigen identitet, ei søking etter mannlege rollemodellar. Lesinga førte også med seg auka kunnskap om historie og samfunnsliv, og særleg politikk, fordi den politiske biografien tidleg blei ein favoritt. Eg har ofte lurt på kvifor desse biografiane blei ein så stor fascinasjon for meg. Identitet er nemnt. Eg trur likevel det viktigaste svaret handlar om at mange av desse bøkene var godt fortalte. | nb_NO |