Partnarskap som samhandlingsarena. Samordning og samhandling i regional utvikling
Original version
Berge, O.K. Partnarskap som samhandlingsarena. Samordning og samhandling i regional utvikling. Bø: Telemarksforsking, 2012Abstract
I Statuskartlegginga av LUK-satsinga (TF-rapport nr. 286/2011), blir det konkludert med at dei regionale partnarskapa skaper arenaer for samordning av økonomisk og fagleg støtte til kommunane og fylkeskommunane. Dei fylkeskommunane som har arbeidd aktivt med slik samordning over tid synes også å ha kommunar som er mest nøgde med fylkeskommunens arbeid. På bakgrunn av dette ønskte KRD ei djupare analyse av dette samt å få fram gode døme på slikt samarbeid, som skal kunne gje læring mellom fylkeskommunane i LUK satsinga. Undersøkinga syner at for å lukkast, må arenaene vere fleksible og dynamiske, samt at samhandling som arbeidsform må gjennomsyre heile organisasjonen, både strukturelt og innhaldsmessig. Det er dessutan særs viktig at leiarnivået bidrar heilhjerta til dette.