• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • 5 Forskningssentrene
  • Telemarksforskning Bø
  • Senter for natur- og kulturbasert nyskaping
  • View Item
  •   Home
  • 5 Forskningssentrene
  • Telemarksforskning Bø
  • Senter for natur- og kulturbasert nyskaping
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Kva er Setesdal? : om nordmenns assosiasjonar til Setesdal og korleis desse kan brukast i regional merkevarebygging

Svardal, Solveig
Working paper
Published version
Thumbnail
View/Open
1161.pdf (763.5Kb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/2439927
Date
2005
Metadata
Show full item record
Collections
  • Senter for natur- og kulturbasert nyskaping [54]
Abstract
Vi lever i ei tid der folk i aukande grad etterspør opplevingar, spesialitetar og dei gode historiene. Denne utviklinga er spådd å forsterke seg når velstanden veks og vi får stetta stadig fleire av dei materielle behova våre. For å lukkast i kampen om opplevingskundane må ein treffe trendar og straumdrag i samfunnet, og kommunisere eit bilete som er attraktivt for omverda. Vi finn stadig oftare døme på at regionar og stader brukar merkenamnet sitt i profileringa. Særleg gjeld dette regionar der kultur og natur er viktige kjerneverdiar. ??erkevara Setesdal??er det totale omdømet Setesdal har, eller oppfatninga folk utanfor regionen har til Setesdal. Setesdal Regionråd har tatt initiativ til finne ut kva for assosiasjonar folk busett utanfor Setesdal har til Setesdal, og korleis desse kan brukast i den regionale merkevarebygginga. Vi har spurt 1000 nordmenn busett utanfor Setesdal om kva dei assosierar med Setesdal. Bunader, særprega dialektar, setesdalskofta og folkemusikk er typiske representantar for ressursar med forankring i bygdekulturen. Dei har så stor assosiasjonseffekt at dei langt på veg kan brukast direkte i merkevarebygginga. Sølvarbeid, lokale mattradisjonar, byggjeskikk, eventyr og naturopplevingar er døme på ressursar med klare kulturøkonomiske potensial. Desse ressursane vil normalt sett måtte foredlast, koplast mot ressursar med sterkare assosiasjonseffekt, eller profilerast spesielt mot smalare marknadssegment. Tilrettelagde sportsaktivitetar, særleg badeliv og elvesport, men også til ein viss grad skisport, har svak assosiasjonseffekt i forhold til Setesdal. Dei positive assosiasjonane er sterkare hos dei som har vore i Setesdal, hos personar over 50 år, hos folk frå Agder, Telemark og Vestlandet og høgt utdanna personar med inntekt over gjennomsnittet.
Publisher
Telemarksforsking
Series
Arbeidsrapport 18/2005
Copyright
© Copyright Telemarksforsking

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit