Attraktivt Midt-Telemark : bidrag frå ein framtidsverkstad
Abstract
Det er gjennomført ein foresight-prosess i ei gruppe av forvalting, utviklingsselskap, politikarar, organisasjonar og næringsliv i Midt-Telemark. Etter å ha identifisert viktige drivkrefter og greidd ut 4 alternative framtidsbilete, havna prosessen i gruppa på eit ønska framtidsbilde med arbeidstittel Edens hageby. I etterkant av verkstaden er desse bearbeidd til strategiar og tiltak innafor tre hovudsatsingsområde; Arealbruk og transport, Grøn bustadutvikling og Liv i og mellom husa.